Publisert: 24. desember 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Vibeke Sola
Julehelsing
Kjære elevar, føresette og tilsette
Juleferien er ei tid for kvile, ettertanke og fellesskap, og samstundes eit naturleg høve til å senda ei helsing frå skulen. Før me tok ferie, fekk me oppleva mange gode førjulsstunder saman – med aktivitetar, samlingar og engasjement som har bidrege til varme og glede i skulekvardagen.
Eg vil retta ei stor takk til elevane for innsatsen dei legg ned, til dei tilsette for den viktige jobben de gjer kvar einaste dag, og til føresette for godt samarbeid gjennom året. Saman skaper me skulen vår!
Eg ønskjer dykk ei fredeleg og god jul, og alt godt for det nye året. Me gler oss til å møtast att etter ferien. Oppstart i 2026 er måndag 5. januar.
Med venleg helsing
Vibeke