Publisert: 15. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ella Merete Bø Daltveit
Dag 4 på Knaben
Me har hatt ein flott siste dag på Knaben, sjølv om vêrgudane ikkje var heilt med oss i dag heller. Mykje vind og snøbyger som kom sidelengs piska godt i ansiktet. Uansett lite klaging og mykje godt humør. Nokre elevar valgte å bli igjen ved leirskulen, mens 30 av elevane blei med på kort eller lang skitur.
Etter lunsjen oppe på fjellet, delte Frank og Jarle gruppa i to. Dei fleste blei med ned og fekk da ein middels lang tur. Berre 8 elevar og to vaksne ville gå den lengste turen. Vinden pisket i ansiktet da vi starta, men det gjekk heilt fint fordi vi hadde vindtett jakke med hette på.
Dei som blei igjen ved skulen hadde skiorientering. Postane var vanskeleg å finna, men det var iallefall ei jente som fann alle postane!
Til middag i dag fekk me lapskaus med storfekjøtt og gele til dessert. Til kvelds blei elevane overraska med nydeleg pizza.
Nå er det DISCO 🥳