Publisert: 18. januar 2026 | Sist endra: 18. januar 2026 | Forfatter: Ella Merete Bø Daltveit

Siste kvelden og heimreisedagen.

Da kom fredagen….og heimreise. Nokon av oss hadde ikkje lyst til å reise heim.☺️ Nokon hadde nok ønska meir snø, mei skigåing og meir uteaktivitet på kveldstid, fordi det var så kjekt… og fordi dei ønskte å bli betre til å gå på ski. Det sette vær og føre ein liten stoppar for, men det gjekk veldig greit likevel, fordi det var  mykje kjekt å ta seg til inne på kveldstid… 
Veke 3 var sesongopninga på Knaben, og leirskulelærarane var og litt usikre på kva som var mogleg å få til av skiaktivitet. Det var ikkje nok snø til å kjøre med tråkkemaskina i løypetraseane, men det blei kjørt eit spor på onsdag morgon på “Sanden”, og i  området rundt skulen.
Alle fekk prøvd å gå litt på ski, nokon med høge klabbar og nokon med berre litt ising under skia, om ein måtte stå litt i ro😉. Dei første par dagane var det vanskeleg nok å få festa skoen i bindingen, på grunn av all snøen som festa seg i binding og under sko. Det klarte dei fleste sjølv etter kvart, og det blei jo og ein liten seier. Nokon lærte og at dei måtte knyta skoene skikkeleg, slik at dei ikkje datt av når dei ramla i nedoverbakken, eller på flatmark med høge klabbar. 
Nokon hadde skøyter med, men fekk ikkje brukt dei fordi det kom for mykje snø og vinden gjorde det vanskeleg å stå oppreist. Isen var dessutan ruglete og vanskeleg å gå på. 
Nokon fekk prøvd isbading for første gong… og nokon ville ha isbading dagen etter og, fordi det var så kjekt… og ikkje kaldt😆
Leirskuleopphaldet blei ei kjempeflott oppleving for mange. Leirskulelærarane  skrøyta og var veldig fornøgde med gjengen fra Tu og Orre. Dei kunne godt ha tatt ei veke til, med denne kjekke gjengen. 
I siste samling blei vinnarane for beste rom kåra. Seieren gjekk til gutane på annekset…. Det hadde aldri skjedd før, at dei som budde der ute vant. 
All heder og ære til dei 15 kjekke gutane våre🏆….og premien var eit lite glas med Molybden-sand, frå Knabengruva. ( Det skal leggast til at nokon jobba meir enn andre for den seieren.)
All heder og ære til jentene frå Tu og 🏆 som deltok på felles aktivitetar, inkluderte alle, støtta og hjalp kvarandre i skiløypene og sov heile siste natta, mens nokon andre som budde på samme gang “døgna”.
7. klasse på Tu skule… altså:⭐️⭐️⭐️