Publisert: 27. mars 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Gerd-Torill Hegre Berg

God påske

Den siste tida har elevane laga påskepynt, der me har kombinert kunst og handverk og digital teknologi.

Arbeidet starta med at alle elevane fekk utdelt ein ferdig laserkutta påskehare. Dei laga kvar sin pompom-dusk til hale, og nytta denne haren vidare som inspirasjon og utgangspunkt.

Etterpå fekk elevane sleppa kreativiteten laus og teikna sin heilt eigen påskehare. Dei digitaliserte teikningane sine, før teikningane til slutt vart kutta ut med laserkuttar. Resultatet vart ei flott samling av unike og personlege påskeharar.

Elevane viser god innsats og skaparglede, og det er kjekt å sjå kor stolte dei er av arbeidet sitt!
Me ønskjer alle ein riktig god påske!