Publisert: 28. april 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ann Tjåland
Pilot - Foreldrekontroll av læringsbrett med Jamf Parent
Som føresett har du no høve til å bruke Jamf Parent-appen for å styre bruken av barnet sitt læringsbrett utanfor skuletida. Med appen kan du setje grenser for tilgang til appar og internett på læringsbrettet til barnet ditt. Tu skule skal vere pilot på denne løysinga fram til sommaren.
Kommunen si styring av læringsbretta
Læringsbretta som elevane brukar har allereie faste avgrensingar gjennom sentral styring frå Klepp kommune. Kommunen har kontroll over funksjonar, appar og tilgangar og kan avgrense bruken etter behov.
Det er til dømes ikkje mogleg å installera eigne appar, og alt nettinnhald vert filtrert gjennom nettfilteret til Klepp kommune. Dette filteret gjeld uavhengig av kva nettverk som blir brukt, og kan ikkje endrast gjennom Jamf Parent.
Kva føresette kan styra med Jamf Parent
Jamf Parent gir føresette høve til å regulera barnet sin bruk av læringsbrett utanfor skuletida, mellom klokka 15.00 og 08.00.
Med appen kan du:
- Velja kva for installerte appar som skal vera tilgjengelege
- Sperra nettlesaren ved behov
- Låsa læringsbrettet i bestemte tidsrom
- Foreldrestyringa kjem i tillegg til, og påverkar ikkje den sentrale styringa frå kommunen.