Publisert: 07. mai 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ella Merete Bø Daltveit

TINE Stafetten 2026

7.trinnet stilte med berre 1 lag i Tinestafetten, men det gjekk veldig bra👍🏼. Sola skinte heldigvis, for vinden var kald, men syklinga opp til Lye Stadion gjekk som ein leik, og det var berre smil og glede i sykkeltråkka opp bakkane. Me hadde god tid og kunne ta livet heilt med ro.

Da vi kom opp hadde vi ein heil time på å gjera oss klare til stafetten. Me spiste litt, fekk skifta sko tatt på Tine- t-skjorta og så var det nokon av jentene som kom på at me skulle skriva autografane bak på ryggane til kvarandre. (Eg hadde fått tips om dette på førehand så eg hadde tatt med to permanente tusjar.) Det var eit godt påfunn😆 

Stafetten gjekk kjempebra, alle sprang så godt dei kunne. Det var totalt 24 lag med, fordelt på 3 heat, og me trur me kom som nr. 3 i mål.

God innsats, god stemning og god heiing av 6. trinnet frå Tu, gav gode opplevingar. Mange hadde lyst til å springa ein gong til!!! 

Sykkelturen heim gjekk og fint. Me sykla om Njåskogen og over Ormen Lange. Da vi kom til “Dagsturhytta Frøya” spiste vi resten av maten og leika oss der. 

Dette blei ein minnerik opplevelse for dei 10 elevane som var med og ikkje minst for læraren, som  storkoste seg🥳