Meny
Velg seksjon Framside
Bøen 10 6065 ULSTEINVIK
Telefon: 70018410
Redaktør: Synnøve Haug
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2019><<
august 2019
mtotfls
29303101020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Skulen sine satsingsområde

-  Teknologisatsinga.

-  Tidleg innsats med kartlegging og støtte.

- Godt læringsmiljø og etablering av lokalt innsatsteam mot mobbing.

Skulen skal levere gode tenester for brukarane våre. Det vil seie at elevane skal oppleve å få meistring og læring ut i frå sine føresetnadar, dei skal få tilbakemeldingar og framovermeldingar som fremjar læring og dei skal kjenne måla for opplæringa.

Skulen tek i bruk nye digitale verkty. Elevane skal arbeide med Ipad og Chromebook på dagleg basis. Det vert satsa på nye digitale læringsressursar, og de vil sjå at mykje av elevane sitt arbeid vil verte gjort digitalt.  

Alle elevar har rett på eit trygt og godt skule – og læringsmiljø. Det betyr at ingen elevar skal verte krenka, mobba, trakassert eller utsett for diskriminering eller vald på skulen eller på skulevegen. Skulen tek dette arbeidet med største alvor, og vil arbeide systematisk og kontinuerleg for å sikre alle eit godt læringsmiljø.