Meny
Velg seksjon Framside
Bøen 10 6065 ULSTEINVIK
Telefon: 70018410
Redaktør: Synnøve Haug
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2019><<
juni 2019
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607
Søknad om elevpermisjon

FRÅVÆR OG FRITAK FRÅ UNDERVISNING

Søknadsskjema finn du her:

https://kommune24-7.no/1516/bruker?retur=%2f1516%2f701519&shortname=701519

Alle born i Noreg har i følgje opplæringslova skulerett og skuleplikt. Det er føresette sitt ansvar at borna møter presis på skulen kvar dag. Likevel kan det skje at ein elev vert sjuk eller at det er behov for å søkje om permisjon.

Ved sjukdom og fritak skal føresette melde frå slik:

Ved sjukdom skal eleven ha med skriftleg melding i meldingsboka første dag eleven er tilbake på skulen. Nokre kontaktlærarar tek i mot melding på e-post eller SMS. Nærare beskjed vert gitt på første foreldremøte ved skulestart. Dersom skulen ikkje høyrer noko i løpet av tre skuledagar vil kontaktlærar for eleven ta kontakt med føresette.

Ved søknad om fritak

Fritak frå undervisning kan berre skje etter søknad frå føresette. Søknad må sendast skulen i god tid før planlagt fråvær, og seinast 1 veke før. Fritak inntil 1 dag kan verte gitt av kontaktlærar. Fritak 2-10 skuledagar kan verte gitt av rektor. Søknad med grunngjeving skal skje skriftleg på eige digital skjema.

Rektor vurderer saka og sender skriftleg svar.

Generelle vilkår Skulen oppmodar om legge ferie - og fritidsreiser til skulen sine feriar. Kommunen har etter opplæringslova ikkje høve til å gje permisjon frå den pliktige undervisninga i meir enn 2 veker. Når føresette søkjer om fritak frå undervisning får føresette i denne perioden fullt ansvar for opplæringa. Ved å kontakte kontaktlærar kan ein få oversikt over kva emne klassa arbeider med i fritaksperioden. Dersom vekeplan er klar før eleven reiser kan ein få med seg denne som hjelp.