Meny
Velg seksjon Framside
Bøen 10 6065 ULSTEINVIK
Telefon: 70018410
Redaktør: Synnøve Haug
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2020><<
juli 2020
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Stenging av skulen

Skulen er stengt frå i dag 12.03 klokka 18.00   Leiinga ved UIstein skule har i dag fått melding frå kommuneleiinga om at skulen og SFO vert stengt frå i dag torsdag 12.03.2020 klokka 18.00 og fram til 26.03.2020  for å hindre spreiing av Korona-viruset. Stenginga kan verte forlenga.

Stenginga er i tråd med regjeringa si avgjerd om å stenge norske skular.

Undervisning via Showbie og Google Classroom

I perioda med stengt skule vil elevane få undervisning og læringsopplegg via sin Ipad og Chromebook. Skulen vil distribuere læringsopplegg via Showbie-appen (1.-4. trinn) og via Google Classroom for 5.-7. trinn. Kontaktlærarane orienterer de føresette om korleis læringsarbeidet vert lagt opp for klassa. Ta kontakt med kontaktlærar for ditt barn om de har spørsmål til dette, eller treng rettleiing i korleis de skal hjelpe borna dykkar med arbeidet.  Dersom de har vanskar med det tekniske, ber vi om at de tek kontakt med skulen via kontaktlærar, for å få hjelp.

NB: Alle planlagde møte og arrangement i regi av skulen utgår i perioda skulen er stengt.