Meny
Til klasser og rådsorg Framside
Bakkegata 31 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70017740 Send e-post til oss
Redaktør: Tor Arne Aasen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2020><<
oktober 2020
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
okt
22
2020
10A Kulturnista "Brevet frå krigen"
kl 10:35-11:20
okt
22
2020
8D Kulturnista "Brevet frå krigen"
kl 12:00-12:45
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Innlogging heimeside
Informasjon om MOT-arbeidet

MOT bevisstgjer ungdom til å ta eigne val og vise mot
– mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å sei nei
MOT sin visjon er å skape varmare og tryggare oppvekstmiljø.

Grunntanken til MOT er å bevisstgjere ungdom til å ta val som gjer at dei meistrar livet, og å styrke motet deira til å ta vare på seg sjølv og andre. Ulstein ungdomsskule har sia 2005 hatt MOT-programmet. I løpet av ungdomsskulen har MOT-coachane opp til 14 besøk fordelt på 8. 9. og 10. trinn. Klassebesøka har ulike tema, som t.d. ros og oppmuntring, draumar og mål, respekt og inkludering, å motstå press og å akseptere forskjellar.

Ungdom med MOT
I mars 2011 signerte Ulstein kommune avtale om å vere eit «Lokalsamfunn med MOT». Denne avtalen inneber å ha ein koordinator som er ansvarleg for gjennomføring av MOT i kommunen, samt ein MOT-leiar for kommunen forankra i toppen. Hovuddelen av det haldningsskapande MOT-arbeidet skjer på ungdomsskulen, men også 7.klassingar får besøk gjennom programmet «Ungdom med MOT» (UMM). UMM er 9.klassingar som etter søknad og tips frå andre blir valt ut og får ei to dagars skulering. Etter skulering gjennomfører desse ungdommane MOT-besøk i 7.klassene i kommunen, to besøk vårsemesteret og eit besøk etter at barneskuleelevane har byrja på ungdomsskulen haustsemesteret. Målet er å gjere overgangen frå barne- til ungdomsskulen enklare. Ulstein kommune har skulert totalt 68 UMM (Over nyttår blir ein ny gjeng 9.klassingar skulerte som UMM).

MOT i lokalsamfunnet
Ved å vere eit lokalsamfunn med mot er målet at MOT-verdiane er noko barn og ungdom også opplever utanfor skulen. Vi har den kommunale ungdomsklubben Bell som er ein MOT-klubb, og med på å spreie verdiane gjennom aktivitetar og arrangement. Gjennom programmet «MOT i fritid» har Hødd Handball signert avtale om å vere ein «Aktiv medspelar med MOT». Fleire av trenarane har skulert seg som «MOTivatørar». I staden for dette programmet vil vi frå 2017 nå ut til fleire ved å invitere breitt til foredrag der både trenarar, lagleiarar og andre får mulegheita til å ta del. Målet er å nå flest, at flest muleg får eit "eigarskap" til vårt «Lokalsamfunn med MOT».

Det lokale MOT-laget i Ulstein

  • MOT-leiar: Knut Erik Engh, ordførar
  • MOT-koordinator og coach: Marie Flatin, ungdomsarbeidar                                                                 
  • MOT-rektor: Leon Romestrand
  • MOT-coachar:
    Torill Vågen Vattøy, lærar
    Mary Ann Brandal, lærar
    Gunhild Verås Grimstad, rådgjevar
    Wenche Gjerde Sætre, helsesøster
  • Unge MOT-leiarar:
    Aurora Dimmen Bratli
    Katrine Mæhlum Pilskog

For meir informasjon om MOT sentralt: http://www.mot.no/

For meir informasjon om MOT i Ulstein: http://lokal.mot.no/ulstein/