Meny
Til klasser og rådsorg Framside
Bakkegata 31 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70017740 Send e-post til oss
Redaktør: Tor Arne Aasen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2020><<
oktober 2020
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
okt
22
2020
10A Kulturnista "Brevet frå krigen"
kl 10:35-11:20
okt
22
2020
8D Kulturnista "Brevet frå krigen"
kl 12:00-12:45
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Innlogging heimeside
Teknologiskulen Ulstein

Ulstein kommune set gjennom prosjektet Teknologiskulen fokus på å utvikla kompetente born og ungdom for ei ny tid. Vi vil leggja til rette for at oppveksande generasjonar kan verta premissleverandørar og produsentar av teknologi, meir enn berre konsumentar av den same teknologien. Dette krev innsikt og forståing av dei prosessane som driv teknologien som omgjev oss på alle kantar, og som har vorte ein sentral del av kvardagen til alle

Teknologiskulen tek problematikk knytt til det teknologiske klasseskiljet på alvor, og sikrar alle born den same grunnundervisinga og kompetansen innanfor fag som programmering/koding/teknologilæring. Dette er  etterspurt både av bransjeorganisasjonar og næringsliv, og dessutan høgt på agendaen hos fleire politiske parti og NHO.

Fleire ulike aktivitetar vil sjå dagens lys i forlenginga av teknologiskulen. Lokal kodeklubb for barneskuleelevar er allereie starta, kodeklubb for ungdomsskulen og eldre er under oppstart. Slike aktivitetar vi hjelpa dei som har ei sterk interesse for feltet, å kunna utvikla evner og ferdigheter indviduellt på si eiga fritid, og ta med denne kompetansen inn i skuleklassene og fungere som mentorar for andre elevar.Gjennom Teknologiskulen, skal elevane i Ulsteinskulen, frå 1 - 10 klasse, få innsikt i korleis teknologien rundt oss fungerar, korleis ein kan løysa problem med denne teknologien og korleis ein kan skapa ny teknologi.

All undervising vil vera kopla tett opp mot læreplanar og læringsmål i skulen. Programmering vert eit nøkkelomgrep i Teknologiskulen. Nesten alt vi omgjev oss med i dagens Teknologisamfunn, er programmert til å gjera spesifikke oppgåver. Programmering vil innførast som eit verkemiddel til å løysa oppgåver på, på tvers av faga i skulen. På ungdomstrinnet er Ulstein ungdomsskule med i eit offentleg pilotprosjekt, der vi tilbyr valfag i programmering.

- Audun Hopland