Meny
Til klasser og rådsorg Framside
Bakkegata 31 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70017740 Send e-post til oss
Redaktør: Tor Arne Aasen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2020><<
oktober 2020
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
okt
29
2020
10E Kulturnista "Brevet frå krigen"
kl 10:35-11:20
nov
09
2020
MILJØANSVAR 9A
Fleire dagar. Sluttar 13.11.2020
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Innlogging heimeside
Sosialpedagogisk rådgiving

Rådgivar ved Ulstein ungdomsskule er Gunhild Verås Grimstad.
E-post: gunhild.veras.grimstad@ulstein.kommune.no
Tlf: 48017453

Kva kan rådgivar hjelpe med?
- Vanskar i samband med skulegangen (mistrivsel, høgt skulefråvær, mobbing og liknande).
- Personlege vanskar t.d. venskap, på skulen, i familien.
- Val av faga framandspråk/språkleg fordjuping og valfag.
- Overgang til vidaregåande skular. Informasjon og rettleiing.
- Koordinering av faget utdanningsval. Yrkespraksis/orientering. Arbeidsveke og utplassering i bedrifter.

Kva er rådgiving?
Elevar i norsk skule har rett til naudsynt rådgiving. Gjennom sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving skal eleven få hjelp til å finne seg til rette på skulen og til å ta val knytt til framtidige yrkes- og utdanningsval.

Sosialpedagogisk rådgiving skal hjelpe den enkelte elev til å finne seg til rette i opplæringa. Den skal hjelpe elevane med personlige, sosiale og emosjonelle problem som kan spele inn på elevane si opplæring og sosiale forhold på skulen. Hjelpa kan gå ut på å klargjere problem og omfanget av dei og avklare kva skulen kan hjelpe til med. Elevane kan også få hjelp til å vurdere om dei treng hjelp utanfor skulen. Då kan rådgivaren hjelpe til med å finne dei rette hjelpeinstansane og få kontakt med desse. Dette fagfeltet har sterke berøringspunkt med læringsmiljøfeltet og arbeidsområde knytt både til PP-tenesta og skulehelsetenesta.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring. Sosialpedagogoisk rådgivar har ei sentral rolle i skulen sitt arbeid Både føresette og elever bør ta kontakt, skriftlig eller munnleg, til skolen dersom dei meiner at skulen ikkje ivaretek eleven sine rettigheiter.

Sosialpedagogisk rådgivar har individuelle samtalar med elevar som treng nokon å snakke med, og vi har difor fast trefftid i skuletida (sjå vedlegg), i samarbeid med helsesøster. Sosialpedagogisk rådgivar samarbeider med lærarar og leiarteam om enkeltelever og om klassemiljø, og har også kontakt med eksterne samarbeidspartnarar som PPT, barnevern, skulehelsetenesta og BUP. I skulen sitt ressursteam har vi tillegg helsesøster Wenche Gjerde Sætre og Silje Kleven Eriksen i tenesta for psykisk helse. Rådgivar er sentral i overgangane mellom skuleslag, og deltek på overføringsmøter frå barne-ungdomskole og frå ungdomskole- vidaregåande skole.

Du kan lese meir i Opplæringsloven kapittel 9A Elevane sitt skulemiljø.


Her kan du finne regelverket om rådgiving:

Opplæringslovens formålsparagraf gir en overordna ramme for kva skulen sitt arbeid med rådgiving handlar om.
Formålet med opplæringa

Retten til naudsynt rådgiving i skulen er heimla i opplæringslova § 9-2 og friskulelova § 3-11

Sjølve formålet med og innhaldet i rådgivinga er forklart i forskrift til opplæringsloven kap. 22 og forskrift til friskoleloven kap. 7

Ei nærare beskriving av lovverket og korleis ein skal forstå desse finn ein i rundskriv Udir 2-09.