Kva kan rådgivar hjelpe med?
- - Vanskar i samband med skulegangen (mistrivsel, høgt skulefråvær, mobbing og liknande).
- - Personlege vanskar t.d. venskap, på skulen, i familien.
- - Val av faga framandspråk/språkleg fordjuping og valfag.
- - Overgang til vidaregåande skular. Informasjon og rettleiing.
- - Koordinering av faget utdanningsval. Yrkespraksis/orientering. Arbeidsveke og utplassering i bedrifter.
Kva er rådgiving?
Elevar i
norsk skule har rett til naudsynt rådgiving. Gjennom sosialpedagogisk rådgiving
og utdannings- og yrkesrådgiving skal eleven få hjelp til å finne seg til rette
på skulen og til å ta val knytt til framtidige yrkes- og utdanningsval.
For
utdanning- og yrkesrådgivinga (YOU) inneber det at eleven skal få nyttig informasjon,
rettleiing og hjelp til å velge framtidig yrke og utdanning. Rådgivinga skjer
både i klassesituasjon, i mindre grupper og individuelt. Difor har rådgivar fast trefftid i
skuletida, i samarbeid med helsesøster.
Rådgiving
har som mål å bevisstgjere og støtte elevane i val, og legge til rette for at
den enkelte skal utvikle si kompetanse i å planlegge, vurdere og ta val i eit
langsiktig perspektiv.
Rådgivinga er i første rekke retta mot elevane. Elevane treng hjelp og råd i skulearbeidet, hjelp
til tilpassing og personleg utvikling og råd ved val av vidaregåande utdanning.
Dette skal vi hjelpe til med i samråd med kontaktlærar, faglærar og føresette.
Rådgivar
gir informasjon om søknadsprosedyrer og fyl opp elever med spesielle behov slik
at dei blir ivaretatt også i vidaregåande skule.
Aktuelle lenker:
Alt om
vidaregåande opplæring: http://www.vilbli.no/
Noregs største nettbaserte teneste om utdannings- og yrkesval: http://utdanning.no/
Møre og Romsdal fylkeskommune, utdaningsavdelinga: www.mrfylke.no/utdanning
Her søker du vidaregåande opplæring www.vigo.no
Digitalt verktøy i faget UDV: www.you-portalen.no
www.udir.no
Faget utdanningsval
Rådgivar er
koordinator for faget utdanningsval (UDV) og ressursperson for lærarane som
underviser i faget.
Faget sitt formål er å skulle bidra til
å skape heilskap og samanheng i grunnopplæringa og knytte grunnskule og
vidaregåande opplæring betre saman. Å få prøve ut interesser og bli bevisst eigne
evner og anlegg kan bidra til at fleire tek meir kunnskapsbaserte val av
utdanning og yrke.
Faget går over alle tre åra i grunnskule på tilsaman 110 timer (60min),
men elevane får ikkje karakter i faget. Det er kontaktlærarane som underviser i
faget, men det er ikkje timeplanlagt. Faget er i hovudsak knytt opp til
bestemte aktivitetar og arrangement på dei ulike klassestega, med ulike former
for før- og etterarbeid.
Innhaldet UDV i korte trekk:
8.trinn: jobbskugging 1 dag, arbeid
i YOU-portalen
9.trinn: Innovasjonscamp, PRYO
(arbeidsveke) og besøk til Herøy og Ulstein vgs., arbeid i YOU-portalen
10.trinn: Karrieredag, Hospitering, arbeid
i YOU-portalen