Frå 8.trinn skal elevane ha vurdering med talkarakter. Dei enkelte karakterane har dette innhaldet:
Karakteren 6: Eleven har framifrå kompetanse i faget
Karakteren 5: Eleven har meget god kompetanse i faget
Karakteren 4: Eleven har god kompetanse i faget
Karakteren 3: Eleven har nokså god kompetanse i faget
Karakteren 2: Eleven har lav kompetanse i faget
Karakteren 1: Eleven har svært lav kompetanse i faget.
- Elevar og føresette kan klage på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter. Det kan også klagast på formelle feil ved gjennomføring av munnleg eksamen. Klagen må skriftleggjerast, innan ein frist på ti dagar frå eleven blir kjend med resultatet. Eleven skal sende klage til skulen, som videresender den til rette klageinstans saman med eventuelle vedlegg. Klage på karakter kan føre til at eleven blir ståande med same karakter, eller at den setjast opp eller ned. Avgjerdsla kan ikkje påklagast. Klage på feil ved gjennomføring av munnleg eksamen kan føre til annullering av eksamen og rett til ny eksamen.
- Kva kan det klagast på? - Standpunktkaraker i fag - Standpunktkarakter i orden og atferd- Eksamenskarakterar- Vedtak om ikkje å setje standpunktkarakterar" Forskrifta § 5-1§
- Kven kan klage?- Eleven kan enten klage sjølv, eller gi skriftleg fullmakt til ein annan. Når eleven er under 15 år, kan han eller ho ikkje klage utan skriftleg samtykke frå føresette.Føresette til umyndige elevar har sjølvstendig klagerett.
- Rektor