- Frå og med 8.trinn skal alt fråvær førast på vitnemålet, i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
- Når eleven har lagt fram dokumentasjon for fråværet, kan eleven eller føresette krevje at årsaka til fråværet blir ført på et vedlegg.
- For inntil ti skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet:
* Dokumentert fråvær som skuldast helse
* Innvilga permisjon etter opplæringslova §2-11.
For at fråvær som skuldast helsegrunnar ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven legge fram legeerklæring som dokumenterer dette. Fråværet må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
Forskrifta § 3-41.