Meny
Til klasser og rådsorg Framside
Bakkegata 31 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70017740 Send e-post til oss
Redaktør: Tor Arne Aasen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Valfag skuleåret 2020 - 2021

Føremål

Om valet ditt

Fagutval for skuleåret 2020 - 2021

8.klasse

9.klasse

10.klasse

Om faga

Design og redesign

Friluftsliv

Fysisk aktivitet og helse

Innsats for andre

Medier og kommunikasjon

Produksjon for scene

Programmering

Teknologi og design

Utvikling av produkt og tenester

Føremål

Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og at dei skal oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid.

Kompetansemåla i dei ulike faga er like alle tre årstrinna.

Om valet ditt

  • Du må setje opp 3 ulike ønske i prioritert rekkefølge. Du vil få eit av dei tre faga du ønsker deg.
  • Du vel nytt valfag for kvart skuleår, men dei fleste faga har du høve til å velje fleire år etter kvarandre.
  • Du har i utgangspunktet ikkje høve til å byte valfag i løpet av skuleåret.
    Ta likevel kontakt dersom det vert vanskeleg!
  • Du får standpunktkarakter når du avsluttar faget (etter eitt, to eller tre år), dvs. at valfagkarakterane kjem på vitnemålet ditt.

Fagutval for skuleåret 2020 - 2021

Alle ungdomsskular skal tilby minst to ulike valfag.
For dette skuleåret kan elevane velje mellom:

8.klasse

  • Design og redesign
  • Friluftsliv
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Medier og kommunikasjon
  • Programmering

9.klasse

  • Design og redesign
  • Friluftsliv
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Innsats for andre
  • Medier og kommunikasjon
  • Produksjon for scene
  • Programmering
  • Utvikling av produkt og tenester

10.klasse

  • Friluftsliv
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Medier og kommunikasjon
  • Produksjon for scene
  • Teknologi og design

Om faga


Design og redesign

8.- 9.- klasse

Har du lyst til å...

  • utvikle kreativiteten og skapargleda di?
  • lære om estetikk og funksjon i design og redesign?
  • lage noko spennande, nytt og fint, kanskje av noko gamalt?
  • lære om å vere miljøbevisst og å ta vare på samfunnet?

I dette faget får du planlegge, designe og lage produkt basert på inspirasjon og eigne idear. Det kan t.d. vere å lage bruksgjenstandar og kunstprodukt i leire eller tre og redesigne produkt av tekstilar.

Les meir om Design og redesign i Utdanningsdirektoratet sine planar 


Friluftsliv

8.- 9.- 10.- klasse

Du lærer å...

  • bli kjend med naturen
  • bruke den
  • bli glad i den
  • lage mat på bål og i kokegrop

Eit fag for deg som likar å vere ute i allslags vér- på sjø, i fjell, i fjøre og i skog

Les meir om Friluftsliv i Utdanningsdirektoratet sine planar


Fysisk aktivitet og helse

8.- 9.- 10.- klasse

Vil du vere med på...

  • gode opplevingar gjennom ulike fysiske aktivitetar?
  • å planlegge og gjennomføre  ditt eige aktivites- og kosthald-opplegg?

Er du glad i å vere i aktiv, ute, i alle årstider?

Faget har to hovudområde: Fysiske aktivitetar og kosthald og helse.

Les meir om Fysisk aktivitet og helse i Utdanningsdirektoratet sine planar


Innsats for andre

9. klasse

Likar du å...

  • engasjere deg for å glede andre
  • samarbeide
  • vere sosial og møte nye  menneske
  • hjelpe andre og gi av deg sjølv
  • jobbe praktisk gjennom ulike aktivitetar og arrangement

I dette faget vil det vere fokus på å finne ut kven som har behov for frivillig arbeid. Vi vil planlegge og gjennomføre akvitetar eller arrangement i lokalsamfunnet og på skulen (idrett, kultur, omsorg, organisasjonsliv og politikk etc.)

Les meir om Innsats for andre i Utdanningsdirektoratet sine planar


Medier og kommunikasjon

8.- 9.- 10.- klasse

Likar du å jobbe med…

  • ulike medier til kommunikasjon
  • å skrive eller filme for avis, film og sosiale medier
  • å gi informasjon på ein god måte
  • å lage nyheiter

I dette faget får du utforske ulike former for kommunikasjon. Du får hjelp til å tenke kritisk, vurdere ulike kjelder og utvikle etisk bevisstheit som medieprodusent og -konsument. Faget skal også gje elevane forståing av verdien av ytringsfridom og respekt for demokratiske verdiar.

Les meir om Medier og kommunikasjon i Utdanningsdirektoratet sine planar


Produksjon for scene

9.- 10.- klasse

Har du lyst til å...

  • stå på ei scene?
  • utfordre deg sjølv?
  • danse, synge og dramatisere?

I dette faget får du...

  • bli betre kjend med og utøve musikk, dans og drama
  • planlegge og gjennomføre framsyningar
  • formidle, improvisere, vere kreativ og samarbeide med andre

Les meir om Produksjon for scene i Utdanningsdirektoratet sine planar


Programmering

8.- 9.- klasse

Likar du å…

  • Finne ut korleis
  • datamaskiner fungerer?
  • Lage ditt eige spel?
  • Bestemme kva maskiner skal gjere?
  • Løyse problem ved hjelp av tekniske hjelpemiddel?

Du får lære...

  • koding og modellering
  • tre ulike programmeringsspråk
  • å lage dine eigne program som gjer det du vil
  • å programmere ei maskin som arbeider for deg

Les meir om Programmering i Utdanningsdirektoratet sine planar


Teknologi og design

10.- klasse

Har du lyst til å...

  • lære om korleis produkt vert utvikla?
  • finne opp dine eigne produkt?
  • lære om automatisk produksjon?

I dette faget får du:

  • lære grunnleggande programmering i ulike språk
  • utvikle dine nyskapande sider
  • løyse praktiske problem
  • fylje eit arbeid frå ide til ferdig produkt
  • programmere robotar
  • teikne og printe i 3D

Les meir om Teknologi og design i Utdanningsdirektoratet sine planar


Utvikling av produkt og tenester

9.- klasse

Kan du tenkje deg til å...

  • utforske og identifisere ein marknad og behova i den
  • utvikle eit produkt eller ei teneste
  • vurdere etikk og bærekraft i ein bedrift
  • planlegge og gjennomføre drift av ein bedrift i samarbeid med andre
  • bruke budsjett og regnskap for å halde oversikt

I dette faget får du utvikle kompetanse til å drive di eiga bedrift. Du får bli med å ta ansvar for marknadsføring, produksjon, økonomi og leveranse i eit bærekraftig perspektiv.

Les meir om Utvikling av produkt og tenester i Utdanningsdirektoratet sine planar