Meny
Til klasser og rådsorg Framside
Bakkegata 31 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70017740 Send e-post til oss
Redaktør: Tor Arne Aasen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Inspirerande MOT-økt

Måndag var det MOT-fagsamling for alle tilsette ved Ulstein ungdomsskule. Den inspirerande og lærerike økta vart halden av Leon Romestrand. Tema var verdiar og elevsyn. Som profesjonelt skulepersonale har vi stadig fokus på å vere autoritative vaksne som møter elevane med varme og tydelegheit. 

Økta markerte starten på eit større arbeid der vi skal revidere ordens- og åtferdsreglementet i samanheng med elevsyn og fagfornyinga. Dette blir gjort i tett dialog med elevrådet, FAU og samarbeidsutvalet.

Foto: Marie Flatin.