Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulen sin historie

Skule i Undheimbygda sidan 1869 

1869 vart det første skulehuset i Undheimkrinsen teke i bruk. Skulehuset vart bygt på Årrestad. 18 år seinare vart skulehuset flytta til Tunheim og sett opp på austsida av den gamle kyrkjevegen.Her var det skule fram til 1913 då den nye Tunheim skule ved hovudvegen vart teken i bruk. I 1953 vart barna frå Kartevoll skule flytta til Tunheim. Tre år seinare vart også elevane frå Tjåland skule flytta til Tunheim.

Etter kvart vart det behov for meir rom, og tanken var å byggje på skulehuset på Tunheim. Men det kom innspel  om å flytte skulen nærare Undheim ved sida av idrettsplassen som var under arbeid. Og slik vart det. Men det var strid om namnet på skulen. Den nye skuletomta låg på Tunheim, men fleirtalet i bygda gjekk for Undheim skule.

5. oktober 1961 var det innviingsfest for Undheim. Då stod det nye skulebygget i to etasjar klart, men alt i 1954 vart første byggjesteg med to klasserom og eit kombinert sløyd- og gymanstikkrom teke i bruk. Her fekk to klassar i tillegg til ein framhaldsskuleklasse plass. Dei fire andre klassane heldt framleis til ved gamleskulen på Tunheim. 

På slutten av 1970-talet vart det bygt gymnastikksal, og til skuleåret 1983-84 var utbygginga til 1-9 -skule fullført. Då vart også ungdomsskulelevane frå Eikeland flytta til Undheim.

I 2003 vart Eikeland skule lagt ned, og alle elevane flytta over til Undheim skule frå skuleårt 2003-2004 og Undheim skule vart ein 1-10-skule med elevar frå Undheim bygda og Eikeland-krisen.

Desember 2019 vart ungdomstrinnet vedtatt nedlagt og elevane vart flytta til Lye ungdomsskule hausten 2020. Undheim skule er nå ein 1-7 skule. 

Undheim skule ligg sentralt i den "grøna" bygdå ca. 12 km. frå Bryne. Skulen er plassert mellom idrettsanlegg, idrettshall og barnehage. Den har eigen K8 hoppbakke som vart opna april 2015 av tidlegare verdsmeister Bjørn Einar Romøren.

Undheim er heimbygda til Arne Garborg, og har eit rikt og variert organisasjons- og kulturtilbod. 

Skrevet av Tordis og Steinar Sandvik