Publisert: 19. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Gerd Rusdal
Marte Meo
Time kommune har eit rettleiingsverktøy for ansatte og føresette som heiter Marte Meo. Dette blir brukt av skular, barnehagar og familiesenteret m.fl. ved behov. Dersom metoden blir tatt i bruk vil dei involverte bli informerte og samtykke vert henta inn. For å gjera arbeidet enkelt, er det laga eit eige samtykkeskjema i "Visma Flyt Skole" for det.
Informasjon knytt til innhenting av samtykke frå føresette:
I Time kommune nyttar me Marte Meo som systematisk rettleiingsmetode for tilsette, og for å sikra best mogleg utviklingsstøtte til barn og unge.
Korte filmopptak er grunnlag for Marte Meo rettleiinga. Personopplysningsloven §8 og §9 krev innhenting av samtykke ved slike filmopptak.
Samtykket kan til kvar tid i prosessen trekkjast tilbake, og opptak som blir ønskt sletta, skal slettast med ein gong.
Filmopptak vil bli sikkert lagra, og blir oppbevart etter Lov om journalforskrift og GDPR retningslinjer.
Om ikkje anna blir avtalt, blir filmopptak sletta etter enda rettleiingsprosess.