Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til Undheim skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, SFO, helsestasjon, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Velkommen til foreldremøter våren 2024!

Onsdag 24.april kl. 18.00-19.30 vert det foreldremøte for 5. og 7 trinn

Torsdag 25.april kl. 18.00-19.30 vert det foreldremøte for 1.- 4. trinn.

Ein startar opp i mediateket med felles informasjon frå leiinga 18.00-18.30. Deretter vert det klassemøter i klasseromma.

Helsing Gerd Rusdal
-rektor

 


Hei!

Er du ein eller kjenner du nokon som kan vere tilkallingsvikar på Undheim skule?

Ta kontakt med rektor på 98635393

mvh Gerd


I dag tidlig møtte nesten 20 stk frå mellomtrinnet opp til ein sporadisk aktiv halvtime med kanonball. 
Full rulle og godt humør på heile gjengen😊

Vi kjører ny runde onsdag 17 april. Same tid og same plass👍


Ein litt vemodig dag har det det vore i dag. Det er med blanda kjensler eg set kursen mot havet igjen.

I løpet av dagen har eg vore rundt på alle klassar for å ønske dei lykke til videre og for å takke for meg.  

Elevane på småtrinnet har gitt meg gode ord, teikningar og klemmar. Elevane på mellomtrinnet ønsker meg alt godt på sine måtar. Ennå til barnehagen sine eldste fekk eg helse så vidt på i dag. 

Eg ønsker alt godt for skulen og bygda vidare og håpar at orda om å ta gode valg for seg sjølv og for dei ein har rundt seg er noko av det elevane kjem til å hugse frå "gamlerektoren"

No ønsker eg ny leiing alt godt og lykke til.

mvh Anne Gunn 



Plutseleg var påskeferien her. Det er ny pause frå skulekvardagen for alle ved Undheim skule.

Skulen startar opp igjen onsdag 3. april. Tysdag 2. april er det planleggingsdag for alle - også for SFO.

Ønsker dykk alle ein god ferie.

Ta godt vare på kvarandre og gjer noko meiningsfullt saman.


I blåsande og kaldt vær, tok småskulen turen opp til Knudaheio for å høyre om Arne Garborg og samane. Det skulle vere ein kombinasjon av forsinka feiring av Arne Garborgs bursdag, og markering av samane sin nasjonaldag. 1. og 2. klasse gjekk opp først. Seinare kom 3. og 4. klasse. 

Sjølvaste "Arne Garborg" dukka opp. I tillegg var Stian Ravndal frå Garborgsenteret med.