Trygt og godt skulemiljø

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

Skulane i Time kommune skal sørga for at elevane har det trygt og godt. Denne retten gjeld òg på SFO og når elevane er på leksehjelp. (§12-1 i opplæringslova) 

Skulen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skulen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø. (§12-3i oppll).

Ein del av det førebyggande arbeidet i Timeskulen, er bruk av Olweusprogrammet for 5.- 10.trinn og Zippy og Eples venner for elevar på 1.-5. trinn. Skulane i Time kommune er sertifiserte Olweus-skular og følger retningslinjene som følger av programmet både i det førebyggande arbeidet og om det skulle oppstå saker med utrygt skulemiljø. På 1.-5. trinn jobbar ein og med programmet Zippy og Eples venner som ein del av arbeidet med å fremja gode klassemiljø.