Meny
Her finn du trinna Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Nye 8. trinn
Besøksadresse Nordlysvegen 10 4340 BRYNE Telefon: 51 77 60 70
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Send e-post til oss
Redaktør: Eirik Jåtten
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Lyst å bli lærar på Vardheia?- me treng fleire frå hausten 2023!!

Vardheia ungdomsskule opna dørene i august 2021. Visjonen vår er å skapa ein heilt ny skule med fokus på praktisk arbeid, kreativitet og innovativ bruk av digitale arbeidsformer. Skulen er bygd gjennom eit samarbeid mellom Klepp og Time kommune og har plass til 450 elevar.

Frå hausten 23 har me 400 flotte elevar og me treng fleire tilsette innan alle skulens fag. Me er og på jakt etter tilsette med kompetanse innen spes. ped. Har du kompetanse innan digitale spel og e-sport er det og ønska. Her finn du meir informasjon om skulen vår og stillingane som er ledige.

Kort om Vardheia

Første etasje er sett av til dei praktiske faga, bygd etter model frå vidaregåande skule. Skulen har ei velutstyrt tradisjonell kunst- og handverksavdeling. I tillegg har skulen store og velutstyrte verkstadar for metall og mekaniske fag, bygg og trefag og storkjøkken og restaurant. Dermed ligg alt til rette for å kunna gje elevane arbeidslivsfag på eit nivå få ungdomsskular har anledning til.


Skulen er også utstyrt med eit stort skaparverkstad med ulike typar maskinar og produksjonsutstyr. Her kan elevane få utfolda sin kreativitet gjennom arbeidsformer som for eksempel elevbedrift ved hjelp av mange av dei verktøya næringslivet har å tilby.

Undervisningsromma i andre etasje er organiserte fagvis og skulen har forlatt dei tradisjonelle klasseromma til fordel for fagrom. Dette gjev anledning til å tilpassa innreiing og utsmykking til dei enkelte fag sin eigenart og kan med dette også bidra til å skapa eit godt fagleg læringsmiljø.

Sentralt i skulebygget er kantine og sceneområde, læringslab og mediatek. Desse områda er tilgjengelege for elevane gjennom skuledagen og vil verta brukte aktivt til både fagleg og sosialt arbeid. Her finn du ein artikkel i Utdanningsnytt om skulen 

 

Arbeidsoppgåver

- Verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning
- Sjå og møta den enkelte elev der ho/han er
- Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang
- Samarbeida godt og spela på lag med andre
- Organisera tverrfaglige tema og fagdagar

Kvalifikasjoner

- Godkjend lærarutdanning.
- Gode kunnskaper både fagleg og didaktisk
- Er ein tydeleg og strukturert klasseleiar / faglærar
- Kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev

Personlege eigenskapar

Me søker etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som vert initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har gode relasjonskompetanser, gode samarbeidsevner og er dyktig klasseleiarar. Du må vera sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysningsorientert. Du må ha eit stort hjarte for elevane og skulen.

Me tilbyr

- Dyktige kollegaer med mykje energi, initiativ og eit særs godt arbeidsmiljø
- Heilt ny og moderne skule med særs gode fasilietatar der alt ligg til rette for praktisk, variert og engasjerande læring
- Lønn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar.

Antal stillingar

6-8 faste 100%

Spørsmål

Ta kontakt med Eirik Jåtten, rektor på 47309795 eller på eirik.jatten@time.kommune.no

For å søkja, gå inn på Finn annonsa og søk elektronisk (klikk her)