Denne veka vert Eigenberedskapsveka 2022 arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) saman med landets kommunar. Som ein del av dette vil Sivilforsvaret besøka alle ungdomsskulane i Time. Dei vil snakka med elevane om kva eigenberedskap er, og kvifor dette er viktig. Andre tema vil mellom anna vera kva flyalarm og tilfluktsrom er.
Etter år med pandemi, og nå krig i Europa, trur me at det kan vera lurt at elevane får informasjon om dette på ein god og trygg måte, der dei også vil få moglegheit til å stilla spørsmål om det dei lurer på.
Meir informasjon om Eigenberedskapsveka på Time kommune si nettside: Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn - Hovedportal (time.kommune.no)