Meny
Velg seksjon Forside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Stangelandsvegen 100 4354 Voll
Telefon: 51789290 Send oss e-post
Redaktør: Mette Johnsen Monge
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2018><<
juni 2018
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Historie

Vasshus var skulestad alt i omgangsskuletida. Det første skulehuset vart bygd i 1868, innvigd 1. desember. I tillegg til skulestove, var det og bustad for læraren. Huset var om lag 6x10 m og låg ved fylkesvegen mellom Voll og Skjæveland, ikkje langt vest for noverande skulebygg. Denne skulen var i bruk fram til 1939, då ny skule vart sett opp litt aust for den gamle.

I 1975 var skulen for liten, og det skulehuset som er i dag, vart bygd.Skulen fekk 3 klasserom, eit rom for heimkunnskap/matlaging, handarbeidssal og sløydsal. Gymnastikksal var det og, og i tillegg  kontor for rektor og eit lærarrom/personalrom. Det store på den tida var mediatek, og det var eit sentralt plassert rom inne i bygget.

Nye tider krev andre arbeidsvilkår, og i 1997 vart skulen påbygd med arbeidsplasser for lærarane, rektorkontor og møterom som og skulle vera kontor for sekretær. Det var starta ein korttidsbarnehage i kjellaren i bedehuset frå begynnelsen av 1980 åra. Drifta vart overteken av kommunen og i 2006 opphøyrde leigetilhøve med bedehuset. Då flytta barnehagen inn i nye lokale i eit tilbygg til skulen. Her var og fleirbruksrom som aktivitetsrom og kjøkken.