Valentinsdag er blitt til fargerik hjartedag på Vestbygd skule - dette har det vore i mange år. I dag markerte vi glede, at vi er fargerike og ulike på mange måtar. Elevar og vaksne gjekk med fargerike klede som gav god stemning og glede på skulen. Vi hadde samling i gymsalen der vi dansa, song og høyrde fargerik apell frå rektor:) !
6.klasse hadde laga hjartebollar til alle klassar- tusen takk! Dei smakte veldig godt! VI hadde til og med vår eigen song: Hjartedag og bollefest, dikta av ein av lærarane våre. I løpet av dagen lagde mange elevar hemmeleg venn kort i klassane.