Vegstenging fv. 247 Melandsvegen
Vegstenging fv. 247 Melandsvegen ved Holme vert stengd for gjennomkøyring 16. september - 11. november, sjå klokkeslett under.
I krysset ved Holme og på strekket mellom krysset og Tveiten (Melandsvegen) pågår det arbeid knytt til trafikksikring/undergang under eksisterande fylkesveg (Fv. 564 Rosslandsvegen), samt fortau langs Fv. 247 Melandsvegen. Statens Vegvesen står for dette prosjektet. I tillegg utbetrar Meland kommune Fv. 247, samt legg ned vatn og avløp. Ved krysset på Holme blir det også oppført nytt næringsbygg. For å sikre våre mjuke traffikantar, og samtidig halde god anleggsdrift vil vegen vere stengt frå 16. september - 11. november 2019. Vi håpar på forståing for dette.
Vegen vil vere stengd i desse tidsromma:
Måndag - torsdag: klokka 09.00 - 19.00
Fredag: klokka 09.00 - 15.00
Vi ser også fram til ei oppgradering av det kommunale vass- og avløpsnettet, og fylkesveg med nytt fortau fram til Blåklokka barnehage.