Bua er
ein utstyrsentral der alle kan låne sport og fritidsutstyr gratis. Her
har vi bl.a. skiutstyr, syklar, telt, skateboard, fiskeutstyr og mykje meir. Til våren får vi inn nytt utstyr
som er retta mot aktivitetar i sommarhalvåret.
For å bli
lånar må ein gå inn på www.bua.io og registrere
seg som låntakar i Bua frekhaug – eller ein kan komme til Bua så kan vi hjelpe
til med registreringa.
Viss ein
ønskjer at barna sine skal kunne gå og låne i Bua må ein enten registrere
barnet som medlåntakar (då må barnet ha eiga mail adressa og telefon nummer)
eller foresatte må vera med å låne.
Utstyret
ein låner kan ein låne opp til ei veke.
Bua
Frekhaug held til i gamle brannstasjonen på Frekhaug. Adresse: Havnevegen 45.
Opningstider er tysdag og torsdag frå klokka 16.00 til
18.00.
Meir
informasjon om BUA Frekhaug finn du på: https://www.facebook.com/buafrekhaug/
og www.bua.io
Kontaktinformasjon
(i opningstida til BUA):
Tlf. 966
25 341
Mail: buafrekhaug@gmail.com
Velkommen
inn i BUA Frekhaug
Nina
Randal | Leiar Frekhaug frivilligsentral
Telefon: 56 17 10 66 / 412 45 661
Innbyggjarservice:
+47 56 37 50 00
www.alver.kommune.no