Meny
Velg seksjon Framside
Nåvegen 12 5776 Nå
Telefon: 53 66 21 92 Send e-post til oss
Redaktør: Erik Løland
Skuleruta
Skuleruta 19-20
Elevmiljø
nullmobbing.no
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
....til vi blir Ullensvang kommune
01.01.2020 kl 00:00
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Nye Ullensvang kommune
Heimeside
Tid igjen til sommarferien :)
19.06.2020 kl 13:45
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Skulen i dag og historia bak

Skulen vår ligg fint plassert midt mellom alle dei vakre frukttrea i området på Nå. Me har flott utsikt ut over sjøen mot austsida av fjorden, innover mot Odda og utover mot Utne. Både sjø og naturleg terreng er lett tilgjengeleg, og det er gåavstand til hovudveg og nærbutikk. Skulen har dette skuleåret 48 elevar.

Litt historie: (-skrive av Kåre Grønsnes)

I Vikebygd vart det bygd to skular i 1865/1866. Det var på Måkestad og på Kambestad. Også på Aga vart det bygd skulehus 1865/1866. Desse husa var like og bygde på måten som var vanleg då. Det var gang med dør inn til ei skulestove og eit lite kammers til læraren. Over kammerset og gangen var det ein liten lem med ei trapp opp frå gangen. Lemmen vart brukt til vedahus og der stod sagekrakken. Omgangsskulen Rogdo - Kråkevik heldt seg fram til 1908. Det var mykje skredfaren som gjorde at foreldra på Rogdo nekta å la småskuleelevane gå til Kambestad. Endeleg i 1889 vart det semje om å byggja nytt skulehus på Nå. Dette huset vart teke i bruk i 1900. Etter den tid var det eit gildt skulehus med to skulestover og sløyd/gymnastikkrom i kjellaren. I andre høgda var det eit møterom og ein liten lærarbustad. Etter krigen kom det krav om nye skulehus mange stader i Ullensvang. Ser me på elevtalet i 1953, var det i Vikebygd 64 elevar og på Aga 24 elevar. På Aga vart det i 1949 peika ut ny tomt på Syreflåt. Men det nye skulehuset stod fyrst ferdig i1957. På Nå vart det klart at huset var alt for lite og leikeplassen særs uhøveleg. Særleg kravet på ny leikeplass gjorde seg no stadig sterkare gjeldande. I 1949 vart tomta ovom ungdomshuset utpeika av krinsen. Likevel vart denne tomta fyrst i 1956 endeleg godkjent av skuledirektøren og andre som skulle koma med uttale. Men oppgåvene i Ullensvang var som sagt store med trong for nybygg fleire stader, og fyrst i 1961 var derfor den nye skulen klar til å takast i bruk etter at arbeidet starta opp i 1959. Det gjekk også mot nedlegging av skulen på Aga fordi elevtalet etterkvart minska sterkt. 7. klassen vart overført til Vikebygd i 1966, 4.-6. klasse i 1968 og småskulen i 1969. Skulehuset på Aga var såleis berre i bruk i 12 år. Men i åra 1982-1986 vart det på nytt starta opp med småskule på Aga. Dette hadde si årsak i at det no var kome byggjefelt på Syreflåt. Likevel vart Aga skule nedlagt for godt i 1985 etter at heradet no vedtok å byggja om skulehuset til heildagsbarnehage.