Meny
Velg seksjon Framside
Nåvegen 12 5776 Nå
Telefon: 53 66 21 92 Send e-post til oss
Redaktør: Erik Løland
Elevmiljø
nullmobbing.no
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
....til vi blir Ullensvang kommune
01.01.2020 kl 00:00
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Nye Ullensvang kommune
Heimeside
Tid igjen til 2013-kullet begynner i 1. klasse! :)
19.08.2019 kl 08:00
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Om PPT, og overgang til PPT i nye Ullensvang kommune

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT er ein sakkunnig faginstans med eit todelt mandat. PPT sitt mandatet er regulert i opplæringslova § 5.6 og barnehagelova § 19c og omfattar både system- og individretta arbeidsoppgåver.  

PPT har eit system- og individperspektiv der dei ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapleg tenking i barnehage og skule.  

Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne vera å bedtra gruppe- eller klassemiljø, gruppe- eller klasseleiing, som å setja inn individuelle tiltak knytt til barnet eller eleven åleine.

PPT har ansvar for at det vert utforma ei sakkunnig vurdering der lova krev det.

PPT har ansvar for barn, unge og vaksne med rett til grunnskuleopplæring. PPT har fokus på barn og unge sitt behov for god sosial og fagleg utvikling i barnehage og skule. PPT har eit særleg ansvar for å støtta/hjelpa barnehage og skule i planlegging av tiltak for barn/unge med særskilde behov. Det er skule, barnehage og foreldre som kan kontakte og evt. henvise/melde inn barn/elevar til PPT.  

PP-tenesta hjelper til med:•          observasjon •          utgreiing av barn/unge og vaksne •          rettleiing til barnehage, skule og foreldre •          utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehage og skule •          sakkunnig vurdering  

Opplæringslova krev og sakkunnig vurdering i andre tilfelle. Dette gjeld vurdering av: - tidleg eller utsett skulestart - heilt eller delvis fritak for opplæringsplikta - behov for tegnspråkopplæring    

Ullensvang herad sitt PPT kontor

Ullensvang herad skal frå 01.01.2020 slå seg saman med Jondal kommune og Odda kommune og bli Ullensvang kommune. Grunna kommunesamanslåinga vert Odda PPT kontor Ullensvang herad sitt PPT kontor frå 01.08.2019. Avtalen Ullensvang herad har med Voss PPT kontor gjeld til 31.07.2019.  

PPT kontora samarbeider om overgangen frå Voss PPT kontor til Odda PPT kontor. Voss PPT kontor har i samband med dette sendt ut eit samtykkebrev til føresette til barn/elevar som er tilmeldt Voss PPT, om samtykke til overføring av opplysningar frå Voss PPT til Odda PPT. I dei tilfella der PPT Voss ikkje mottar samtykke til overføring vil sakene bli avslutta ved Voss PPT og det må eventuelt gjerast ny tilmelding til PPT Odda.    

 

Kontaktinformasjon

PPT Voss fram til 31.07.2019

Voss kommune, PPT-kontoret Adresse: Miltzowsgate 2, 5700 Voss Telefon: 56514780 E-post: post.ppt@voss.kommune.no    

 

PPT Odda frå 01.08.2019

Odda kommune, PPT-kontoret Adresse: Opheimsgata 31

Telefonar: Merkantil: Vigdis Hansen 91 11 25 91 Borghild Grønsnes: 97 55 86 99 Ann Kristin Eide: 48 19 61 93 Gry Folkvord: 948 73 324 Linn Berntsen: 97 55 86 54 Malena Skaale: 97 55 86 97