Meny
Velg seksjon Framside
Nåvegen 12 5776 Nå
Telefon: 53 66 21 92 Send e-post til oss
Redaktør: Erik Løland
Skuleruta
Skuleruta 19-20
Elevmiljø
nullmobbing.no
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
....til vi blir Ullensvang kommune
01.01.2020 kl 00:00
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Nye Ullensvang kommune
Heimeside
Tid igjen til sommarferien :)
19.06.2020 kl 13:45
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Hjartesone og køyring til skulen

Nye skilt er på plass i skulebrekka, og i lag med elevråd og FAU har skulen nokre oppmodingar.

I samarbeid med elevrådet, FAU og heradet har vi i seinare tid fått opp nye skilt i bakken opp til skulen, den såkalla skulebrekka. Heradet har fått opp “køyr varsamt”-skilt, og det nyaste tilskotet er eit skilt som 5. steget har laga, med “Hjartesone”. Dette med hjartesone var etter spesifikt ynskje frå foreldra, gjennom FAU.

No er altså skiltet på plass, og i samband med det, ynskjer vi å komma med nokre oppmodingar til dykk vaksne;

* Respektér hjartesona; den indikerer at det ikkje er ynskjeleg at ein køyrer i dette området, ved levering av elevar på morgonen.

* Oppmodinga er vidare at de slepp av elevar i busslomma nede på Nå, og at dei kan gå siste stykket opp til skulen.

* Til slutt; snakk jamnleg med ditt / dykkar born om trafikktryggeleik, refleksbruk, bruk av fortau og fotgjengarovergong osb.

Main Image

Bilete 1 av 2