Meny
Velg seksjon Framside
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Info frå SKYSS
Nåvegen 12 5776 Nå
Telefon: 53 66 21 92 / 475 16 301 Send e-post til oss
Redaktør: Erik Løland
Skuleruta
Skuleruta 20-21
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Nye Ullensvang kommune
Heimeside
Tid igjen til sommarferien :)
18.06.2021 kl 13:45
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Opning av skulen for 1.-4 steg frå måndag 27. april

Skulen opnar måndag 27. april for elevane i 1.-4. klasse. Her finn du praktisk informasjon som er viktig at de heime snakkar om med elevane.

Her finn de eit infoskriv frå UDIR som de kan lesa, for om mogleg å få svar på nokre spørsmål. Sjølve rettleiaren finn de her.

Under følgjer punktvis korleis forholda vil vera på Vikebygd skule (i tråd med rettleiar og retningslinjer). Ver merksam på at det kan komma endringar, ettersom me er i prosess heile vegen for om mogleg å finna endå betre løysingar. Store endringar vil me sjølvsagt informera spesifikt om;

Barn som er sjuke skal ikkje møte på skule/SFO. Dersom forkjøling eller liknande, skal retningslinjer følgjast, og barnet skal ha vore symptomfritt i eitt døgn før retur til skulen. Ev barn med sjukdom/symptom vert sendt heim.

  • Skulen opnar for 1.-4. klasse frå og med måndag 27. april.
  • Skysstider, skuletider, SFO-tider, timeplan etc er "som vanleg".
  • Det er ynskjeleg at alle som kan, sjølv sørgjer for å bringa / henta sin elev til og frå skulen. Om eleven må ta buss; hugs på ekstra merksemd på avstand etc på bussen (jf infoskriv). Me ber om at dei som køyrer elev til skulen slepp eleven av, og gjer henteavtale på/ved busstopp i hovudvegen eller på den store parkeringa attmed - ikkje i skulebrekka eller ved bygdahallen. Dette for å gjera trafikksituasjonen tryggast mogleg.
  • Alle tilsette som jobbar med 1.-4. klasse er på skulen frå måndag av. Dvs Kari og Rolf held fram med heimekontor, i tråd med retningslinjene.
  • Me held fram med stramme rutiner for handvask; alle vaskar hender etter FHI sine retningslinjer før og etter kvart friminutt (minimumskrav; kan gjerna vaska meir).
  • Det vil vera styrka reinhald på bygget, og då særskilt i berøringssoner. Alle tilsette er med på å sørga for at reinhaldet er kontinuerleg. Elevane er med og vaskar av eigen pult, td.
  • Elevar deler ikkje på utstyr eller anna.
  • Me er ekstra mykje ute.
  • Me har fokus på å halda avstand, så langt det let seg gjera.
  • Foreldre skal ikkje inn på skulen. Kontakt skulen dersom særskilte behov, så finn me løysingar.
  • Elevane våre er delte i høvesvis 1.-2. klasse og 3.-4. klasse. Begge desse gruppene er innanfor UDIR sine retningslinjer med omsyn til storleik (maks 15). 
  • Gruppene skal minst mogleg treffpunkt med kvarandre. Dvs dei skal ikkje samarbeida e.l. fagleg, og det gjeld og friminutt og SFO.
  • Vaksne skal i minst mogleg grad kryssa over frå ei gruppe til den andre.
  • Elevane skal ikkje stilla opp på morgonen; 1.-2. held seg i området mellom dissene og skuret når det ringer inn, medan 3.-4. held seg i området mellom ballbingen og basketball-korga når det ringer inn.
  • Elevane skal ikkje stilla opp utanfor klasserom når dei kjem inn, men trekka inn i klasserom etter kvart som dei kjem inn i bygget. Vaksne rettleiar det heile.
  • Elles eigne reglar for inn-/utmarsj ism friminutt, for at gruppene skal sleppa å "kryssast".
  • Symjing på Hauso utgår.
  • Det vil ikkje vera dusjing etter gym. Det vert lagt opp til aktivitetar i gym som har såpass låg intensitet at det ikkje skal vera naudsynt å dusja. Elevane tek med gymtøy som vanleg.
  • Både i gym og fysak vil det vera fokus på å ikkje bruka mykje utstyr, og det utstyret som ev vert nytta, vert desinfisert mellom kvar økt med bruk.
  • Dette legg ein del begrensningar på kva aktivitetar som er mogleg å få til, så alle må vera førebudd på at ein gymtime fint kan bety å gå ein tur i nærområdet, eller liknande.
  • Det vil vera mogleg å låna bøker frå skulebiblioteket, men kun i følgje med vaksen. Bøker som vert leverte, må vera i "karantene" i to veker før dei kjem opp att i hyllene.
  • Det er ikkje helsesjukepleiar på skulen framover, då ho er i fødselspermisjon og det ikkje er funne vikar.
  • TINE har meldt at mjølkelevering er "pausa" fram til veke 19. Eg reknar med at det betyr at første levering er onsdag 6. mai. Dette skal TINE ha kontroll på ift reduksjon i betaling for den einskilde. Send med elevane drikke
  • Om mat i SFO; elevane vert ikkje med på matlaging. Dei vaksne tilbereder og serverer mat / frukt til den einskilde.

PS! Sjå vedlegg for informasjonsvideo, samt info-brev frå SKYSS:

Dersom de har spørsmål eller anna; kontakt skulen v/rektor (erik.loland@ullensvang.kommune.no / 475 16 301 (ikkje sms)).

Mvh
Erik Løland