Meny
Velg seksjon 3. og 4. klasse
Nåvegen 12 5776 Nå
Telefon: 53 66 21 92 Send e-post til oss
Redaktør: Erik Løland
Skuleruta
Skuleruta 19-20

Med bakgrunn i eit heradsstyrevedtak er det bestemt at elevane i Ullensvang skal ha auka antal timar med symjeopplæring i basseng. Dette gjeld dei elevane som går på skular utan basseng, der dei ikkje har fast symjeundervisning kvar veke. For å få dette til ved Vikebygd skule er auken lagt på 3. og 4. klasse, og dei vil òg dette året ha fast symjeundervisning kvar veke. Dette året vert det fredag morgon. Dei skal då fylgja ungdomsskule-bussen om morgonen, slik dei vanlegvis gjer når dei har bading. Dei får ein times lenger skuledag på torsdagen og er ferdige på skulen kl. 13.45.

Ta kontakt med skulen, dersom noko er uklart i høve dette.

Edit; 20.09.19 får me attendemeldingar om at det framleis er lus i elevgruppa. Me vil sterkt oppmoda alle heimar om å ta problemet på alvor, sjekka sine barn, og ta ev grep som trengs.

Vi ynskjer å informera om at det er oppdaga hovudlus hos nokre elevar på skulen. For å få bukt med problemet, ber vi dykk om å sjekka alle i husstanden så snart som mogeleg med lusekam. Berre dersom alle hjelper til, vil det vera mogeleg å bli kvitt hovudlus i nærmiljøet.


Etter at prøvesvar kom, er det stadfesta at det ikkje var salmonella-smitte. 

Skulen avsluttar no dei ekstraordinære tiltaka som har vore sett inn.

Skulen anser at tiltaka som vart iverksett var gode, og at såvel tilsette som elevar var svært raske med å omstilla til ekstra forsiktighet, all den tid me baserar oss på den informasjonen som er tilgjengeleg til eikvar tid, og forsøker å vera føre var. Takk og til foreldre / heimar for dykkar samarbeid!


Ein elev ved skulen har etter konsultasjon med lækjar mest truleg fått påvist salmonellasmitte. Prøvesvar er venta måndag 2. september.

De finn aktivitetsplanen for hausten som vedlegg til denne artikkelen.

Det arrangerast kurs i COS-P i Odda i haust.

Hei, alle saman!

Me vonar sommaren har vore fin, at store og små har fått "lada batteria", og at alle no er klare for eit nytt skuleår.

Skulestart er klokka 0800 måndag 19. august. Det er heilt regulære skuletider frå dag éin, dvs alle er ferdige med skuledagen kl 1250 på måndagar. Deretter er det SFO for dei som skal der, og leksehjelp for det som skal der. Skuletidene er for øvrig dei same som føregåande skuleår, og alle elevane får med seg timeplan frå sin kontaktlærar første skuledag.

Busstidene har ikkje forandra seg (sjå skyss.no om du er usikker).

Dei som skal ha busskort, får dette av kontaktlærar første skuledag; til skulen reisar dei utan kort denne dagen.

Det kjem meir info her på heimesida utover denne veka. Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål.

 


Det ligg svært mykje klede att på skulen. Diverre er mykje av dette ikkje merkt med namn. Me oppmodar alle om å merka kleda til elevane.

Ei kort oversikt over det pedagogiske personalet ved Vikebygd skule frå hausten av

https://www.skolelyst.no

(Du finn óg lenkja til høgre på sida her, under "For føresette")


Det var 2. klasse som hadde regien på samlinga i dag.

Torsdag 21. mars fekk skulen besøk av Trommelars