Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: Hege Hiim Steine 92284585 Send e-post til oss
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
"Når ein pepperkakebaker baker pepperkakekaker.."..

Den gode lukten frå nysteikte småkaker kjendes godt i gongane på skulen i dag. 

Endeleg var det 4.klasse sin tur til å baka. Både forkle og smil var på plass då skulen starta i dag tidleg - ein gode start på ein adventsfredag.

Bakinga gjekk unna, det vart mange fine peparkaker. Nokre var små, nokre store, nokre litt tjukke, andre veldig tynne, og nokre godt steikt. Akkurat slik det skal vera når ein bakar til jul!

Kakene vart prøvesmakt og einstemmig godkjent.  Me kosar oss med peparkaker nokre dagar før jul, men mesteparten kan de vinna på utloddinga på julefesten 19.desember.