Meny
Velg trinn eller SFO FAU
Alle barn og unge skal kunna delta i minst ein fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra sin økonomi. Derfor har me starta opp prosjektet ALLEMED i Time. 

Skulen har tidlegare uttrykt bekymring for auka trafikk i nærområdet til skulen. Det er mange barn som blir køyrt til skule / sfo og dette fører til auka trafikk og mindre trygg skuleveg for dei elevane som går eller sykler til skulen. Det er tronge vegar som leier inn til skulen, og kommunen har sett opp forsterka lys for å betra tryggleiken på overganger. Likevel er me bekymra for mengda av køyretøy som ferdes i området medan 500 elevar er på veg til skulen. Dette ønskjer me no å få gjort noko med. Me ønskjer at området rundt skulen vert ei hjartesone. Dette betyr at hjartesona er tilnærma bilfri i tida elevane er på veg til eller frå skulen.

Frå 1.juni vil Time kommune gå over til ein ny app for kommunikasjon mellom heim og skule. Denne appen heiter "Visma Min skole". Her kjem info: