Kommunalt Fau har vedteke at 7. steg foreldre skal bli med på natteravn ordninga frå januar 2024.
Kommunalt Fau har vedteke at 7. steg foreldre skal bli med på natteravn ordninga frå januar 2024.
Natteravning handlar om å vera til stades for barn og unge når dei ferdast ute på kvelds- og nattetid, ta ansvar og vise medmenneskeleg omsorg. Natteravner er alminnelege vaksne utan særskilde fullmakter. Dei observerer og hjelper, lyttar og gir rettleiing når barn og unge tek initiativ til det. Ein treng inga spesiell utdanning eller erfaring for å kunna vera natteravn. Alvorlege hendingar skal visast til foreldre, politi eller andre. Berre vaksne kan vera Natteravn og ein vandrar alltid i grupper, aldri åleine.
Natteravnene skal vera gode rollemodellar og trygge vaksne.