topLogoSpacer
 
 
 

 
 
 

 
 

Forsand skule

1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  8.  9.  10.  

Skuleskyss og skulestart - justeringar.
Publisert: 30.09.2014 skrive av: Audun Grødem

 

Det har den siste tida kome innspel frå foreldre og FAU som går på reisetid til skulen/skuleskyss og oppstart-tidspunkt for undervisninga.

 

I den samanheng har det vore møte mellom kommunen og Kolumbus. Operatørselskapet Boreal var også med på møtet.

 

Kolumbus har på vegne av fylkeskommunen ansvaret for å planlegge og betale for skuleskyssen i fylket. Kommunen betaler ein pris pr elev.

 

I arbeidet med å planlegge og samordne skuleskyssen i fylket opererer Kolumbus ut frå følgjande rettleiande reglar for reisetid til og frå skulen.

 

For småskulen – 1. til 4. klasse – gjeld:         Inntil 45 minutt

For mellomtrinnet – 5. til 7. klasse – gjeld:   Inntil 60 minutt

For ungdomstrinnet – 8. til 10. trinn – gjeld:            Inntil 75 minutt

For vidaregåande skule gjeld:                                   Inntil 90 minutt.

 

Reisetida omfattar også evt ventetid og gjeld med utgangspunkt i heimen til eleven.

 

Det er klart at reisetida for småskulen frå enkelte stader i kommunen ikkje er i samsvar med desse rettleiande reglane. Kolumbus understrekar at reglane er rettleiande og at dei ikkje alltid greier å oppfylle desse krava. Dei prøver imidlertid i det lengste å få det til for dei yngste barna.

 

På møtet med Kolumbus vart det såleis drøfta kva som kan gjerast for å endre på situasjonen for småskulen og ein kom fram til følgjande alternativ:

  1. Ein ekstra buss med seinare avgang frå Øvre Espedal om morgonen.
  2. Endra starttidspunkt for skulen.

 

Kolumbus opplyser at kostnadene med å sette inn ein ekstra buss ikkje er forsvarleg økonomisk. Ein slik ekstra buss får dei ikkje til å samordne med andre transport-behov. Dei seier seg likevel opne for å ha denne løysinga mellom haustferien og juleferien.

 

Kommunen har på bakgrunn av dette kome til at den enklaste løysinga på lengre sikt vil vere å justere på start- og slutt-tidspunkt for skulen. Denne endringa vil skje frå nyttår 2015.

 

Dette inneber følgjande:

 

Frå 13. oktober og fram til juleferien blir det sett inn ein ekstra buss for elevar i småskulen( 1. til 4. trinn). Dette vil vere ein mindre buss som ikkje kan ta alle elevane i grunnskulen. Denne bussen vil ha følgjande avgangstider:

 

Kl. 07:45 Øvre Espedal

Kl. 07:55 Byrkjeland

Kl. 08:00 Nedre Espedal

Kl. 08:05 Kleppa

Kl. 08:10 Helle

Kl. 08:15 Forsand skole

 

Den andre bussen – for resten av grunnskulen og vidaregåande – vil gå som tidlegare, med avgang frå Øvre Espedal kl 0730.

 

Frå skulestart over nyttår vil skulen starte kl 0815 og slutte kl 1350.

 

 

For rådmannen

 

 

Ingunn Varhaug                                            Audun Grødem

Leiar seksjon skule                                        skulefagleg ansvarleg

Gærne dyr i 3. klasse
Publisert: 29.08.2014 skrive av: Kjetil

Gærne dyr er ein song me syng i klassen vår.

På byggjestasjonen har elevane bygd nokre av dei rare dyra me syng om.

picture
 Heile flokken samla.

Ungdomstrinnet på tur til Vikastakken
Publisert: 22-08-2014 skrive av: Bjørn Høllesli


 

 

Ungdomstrinnet har fast tradisjon at me startar skuleåret med ein felles fjelltur, og i år gjekk turen til Vikastakken

picture
 

SKULESTART – HAUSTEN 2014
Publisert: 13.08.2014 skrive av: Ingunn V.

 

Måndag 18. august er det skulestart i Forsand. Skuleferien er (endeleg) over, men kanskje er ikkje sommaren slutt på lenge ennå. Eg håpar alle har hatt ein riktig god ferie og har nye krefter til læringsarbeidet som ventar. Veret har i alle fall ikkje vore til hinder for gode dagar!

 

I skuleåret 2014-2015 skal me satsa ekstra på klasseleiing og rekning i alle fag. Me ser fram til å få fagleg oppdatering frå Universitetet i Stavanger v/Janne Fauskanger. Ho skal kursa personalet utover dette skuleåret og halve neste, noko me ser fram til.

 

I år prøver me ein ny vri på leksehjelp. Elevar i 5.-7 klasse vil få tilbodet, medan 1.-4. klasse mistar sitt. Nytt av året er at kommunane sjølv kan avgjera kven som skal få leksehjelp. Stemninga er at mange føresette sjølv kan hjelpa elevane med lekser medan dei går i småskulen, men at det er vanskelegare når dei vert større. Difor vert det altså mellomtrinnet som får nyta godt av leksehjelpa nå. Påmeldingsbrev vert sendt heim med mellomtrinnselevane første skuledag.

 

Minner om at SFO startar måndag 18.08. for påmelde.

 

Skulen opnar kl 08.15 men elevar på Espedalsbussen (og Oalandsskyssen) kjem tidleg til skulen; kl 08.00. Desse elevane vil få følgjande ordning på skulen: Elevar i 1.-4. klasse får tilsyn av SFO-personalet, medan elevane i 5.-10. klasse får venta på skulekjøkken frå kl 08.-08.15. Skuleadministrasjonen vil ha tilsyn. Kl 08.15 går mellomtrinnselevane til sitt område der det er vakt, medan ungdomsskuleelevane går til sine klasserom.

 

Skulemjølk kan bestillast hos www.skolemelk.no.

Ordninga med gratis skulefrukt er nå slutt. Det heng saman med at det ikkje lenger er krav til å ha gratis skulefrukt. Me går tilbake til at føresette sjølv syter for at eleven eventuelt har med seg frukt som den einskilde likar.

 

Førre skuleår laga me eit skriv/ein rutine for skule-heim-samarbeid. Det har nå gått runden på skulen og til FAU og er nå godkjent. Eg oppmodar alle til å gjera seg godt kjent med innhaldet. Det kan vera «oppskrifta» på korleis både skulen og heimen hjelper elevane, slik at dei får lært mest mogleg medan dei «jobbar» hos oss.

 

Me ser fram til å treffa elevane igjen. Spesielt er det kjekt å ta i mot elevane i ny første klasse. Velkommen til skulestart 18. august kl 08.30!

 

Helsing frå oss på skulen

v/Ingunn Varhaug

INNFØRING AV ERSTATNING VED TAP/ØDELEGGELSE AV SKOLEKORT
Publisert: 28.11.2012 skrive av: Udda

 

Til

Kommuner, grunnskoler

og videregående skoler i Rogaland                                                                                

                                                                                                                              28.11.2012        

INNFØRING AV ERSTATNING VED TAP/ØDELEGGELSE AV SKOLEKORT

 

Rogaland kollektivtrafikk FKF (Kolumbus) vil, med virkning fra 01. januar 2013 innføre erstatning ved melding om tap/ødeleggelse av skolekort.

 

Erstatningen er kroner 50,- og dekker nytt kort. Dette gjelder elever fra 5. klasse og oppover.

 

Rutinene ved tap/ødelagte skolekort vil være som i dag, bortsett fra at det vil bli krevd erstatning.

Når skolene sender melding om tapte/ødelagte kort, vil Kolumbus produsere nytt skolekort og en faktura. Faktura og nytt skolekort sendes til skolen. Skolen leverer nytt kort, sammen med faktura til eleven. Fakturaen vil være merket med elevens navn og adresse.

Inntil eleven har fått nytt skolekort, må eleven få et Midlertidig reisebevis, som i dag.


Med ødelagte skolekort menes kort som er brekt, klippet hull, klippet deler av etc. Kort som uten en åpenbar grunn slutter å fungere, vil det ikke bli krevet erstatning for. Dette må det opplyses om ved bestilling av nytt kort.  

 

Spørsmål om ordningen kan rettes til fagleder skoleskyss.

 

 

 

Med hilsen

 Øystein Nybø

Fagleder skoleskyss

 

 


Dette dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur.

 
 
.