Teiknekonkurranse «Den engasjerte eleven»
Har du lyst til å vise fram di kreative side og samtidig
vere med på å illustrere kva det vil seie å vere "Den engasjerte
eleven"? Då er denne teiknekonkurransen noko for deg!
Publisert: 04.04.2024 13:42 Sist endret: aldri Forfatter: Inger Marie Stokkeland
Kva er "Den engasjerte eleven"? "Den
engasjerte eleven" er ein viktig del av Kleppskulen sitt fokus på å
inspirere og motivere dykk til aktiv deltaking og læring. Det handlar om å vere
trygg, spørjande, ivrig og positiv i læringssituasjonen. Ein engasjert elev er
også sosial, følgjer med i timane, respekterer medelevar og lærarar, og er
villig til å hjelpe andre.
Korleis kan du illustrere "Den engasjerte
eleven"? Du kan illustrere den engasjerte eleven ved å teikne ein
person eller ein situasjon som viser nokre av dei kjenneteikna vi har beskrive.
Kanskje teiknar du ein elev som lyttar ivrig til læraren, jobbar saman med
andre i gruppearbeid, eller viser omsorg for ein klassekamerat som treng hjelp.
📆 Viktig informasjon:
Startdatoen til konkurransen: 2. april
Innleveringsfrist: 2. mai
Leveres inn i resepsjonen ved skulen din eller sendast på
e-post til kontaktlærar ved elevrådet på skulen din
Vinnerkåring:Elevrådet ved skulen din er den første juryen
og skal plukke ut 1,2, 3, 4 og 5.pris individuelt og i gruppe. Desse bidraga går
vidare til den andre juryen som er ungdomsrådet. Frist for å sende bidraga
vidare frå juryen til skulen er onsdag 22.mai. Kontaktlærar ved elevrådet
sender bidraga til skulesjefen som overleverer desse til ungdomsrådet. Juryen
vil annonsere vinnarane ved skulestart i august 2024.
Krietrier
Konkurransen er open for alle elevar i Kleppskulen
Utforming og fargebruk i forslaget er fritt, men illustrasjonen må kunna brukast i fargar og gråtonar. Det er lov å senda inn eige svart/hvit-versjon.
Skuleeigar har rett til å gjera små endringar i illustrasjonen.
Vinnar beheld rettane til å bruka illustrasjonen i eigen portofolio
Bidragsytar er ansvarleg for at innsendt bidrag ikkje er plagiat.
🏆 Bli med på moroa og
vinn flotte premiar! La fantasien flyte fritt og bli med på teiknekonkurransen
vår!
Ser fram til å sjå dei fantastiske bidraga dine!
Med vennleg helsing, Elevrådet 🎨