Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: Hege Hiim Steine 92284585 Send e-post til oss
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Segn frå Ryfylke

Tysdag 18.oktober fekk mellomtrinnet besøk frå Ryfylkemuseet. Gøril Ramo Håve tok oss med tilbake til ei tid der sosial status var viktig i samfunnet, og folk trudde meir på dei underjordiske enn me kanskje gjer i dag.

 

Gøril fortalde så spennande at me mest ikkje ville at ho skulle avslutta. Me fekk høyra segna om prestedottera frå Hjelmeland som var så rik at ho trudde ho aldri kom til å bli fattig. Og ho hadde ikkje tankar for dei som ikkje hadde det så bra. I tillegg hadde ho ein ring som ho kasta til sjøs og som dukka opp igjen i ein torskemage. Den andre segna var henta frå Jelsa der ei dotter vart bergteken av huldrekallen. Gøril krydra segnene med å spela på fløyte og langeleik, m.a. "Bruremarsj frå Jelsa". Det var tydeleg at elevane sette pris på besøket, og instrumenta vart nøye studerte etterpå.