Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: Hege Hiim Steine 92284585 Send e-post til oss
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
NISSEMARSJ

I dag starta me dagen med å gå nissemarsj. Alle hadde utstyrt seg med nisseluer, og nokre hadde òg med lykt. Turen gjekk med song og godt humør, før me kom tilbake til skulen der 7.klasse hadde varma saft og serverte peparkaker i skulegarden.

Det blei ein triveleg start på den tredje veka i advent. I staden for den tradisjonelle adventsamlinga hadde me nissemarsj. Både "På låven sitter nissen", "Eg gjekk meg over sjø og land" og fleire julesongar lyddest på sykkelstien, i undergongen , ved bedehuset og då me passerte Vinjarheim. Og 7.klasse tok varmt imot oss med saft og peparkaker då me var vel tilbake på skuleplassen. Til slutt samla me oss i ein stor ring og song enno fleire songar om jula, før alle fortsette dagen med juleførebuingar og anna arbeid.