Hognestad skule inviterer til Vitenfabrikken fredag 31.mai - krinstur!
Publisert: 24.05.2013 skrive av: Anne Brit Ree
Me inviterer alle til saman med elevane, å ha ein gild og lærerik tur til Vitenfabrikken i Sandnes. Ei interessan utstilling og de får sjå verdsrommet i planetariet. Me skal ha base i kafeterian.
Matpause kl. 11.00. Ta med niste eller kjøp mat i kafeterian.
Bussane går frå Hognestad skule kl. 09.00. Retur frå Sandnes kl. 12.00.
Alle er hjarteleg velkomne til å bli med!
Mappahonney i Stasjonsvegen på Hognestad!
Publisert: 24.05.2013 skrive av: Anne Brit Ree
Torsdag 13. juni kl 17 – 20 vil FAU og elevrådet ved skulen arrangera Mappahonneyløp.
Elevrådet ønsker å ha basar. Dei ber derfor om gevinstar frå dykk heime og frå bedriftar. Gevinstar kan leverast på skulen før 13.juni. Inntekta går til elevrådet.
Dette blir ei oppleving; Torsdag 13.juni start kl. 17.00.
Bil-løp, nesten som FORMEL 1 !
Basar! De får straks vita om de har vunne!
Kjøp av grilla pølser med lomper eller brød, kaker, saft, kaffi, m.m.
Ta med stol!
Elevrådet og FAU ønskjer alle velkommen!
17.mai
Publisert: 20.05.2013 skrive av: Anne Grete
17.mai 2013
Gratulerer med dagen.
Åpning av helsesøsterkontoret.
Publisert: 12.04.2013 skrive av: Oda Line og Janne-Marie Slethei
Det var ein flott åpning av helsesysterkontoret. Med sjølvdikta song og flotte teikningar.

Alle er velkomne!
Ode til nytt helsesysterkontor.
Publisert: 12.04.2013 skrive av: Rune Hallbjørn Jensen
I samband med innviinga av nytt helsesystekontor skreiv Eva Hægstad ein song. Songen går på melodien "Bonden og kråka"
Innviing av helsesysterkontoret
På skulen finst rom både her og der
hei fara, bå' her og der
Det eine vart stengt, der kunn' ingen ver'
Hei fara. Faltu-riltu-raltu-ra
Det fyltest med vått og det lukta rngt
hei fara, de lukta ringt
her trengdest det handling, ein pisk vart svingt
Hei fara. Faltu-riltu-raltu-ra
Folk grov og folk støypte, belegg vart lagt
hei fara, belegg var lagt
Så fint som hos kongen, ja, det vart det sagt
Hei fara. Faltu-riltu-raltu-ra
I dag skal det opnast, så skulen får
hei fara, så skulen får
kontoret der he-elsesyster vår rår
Hei fara. Faltu-riltu-raltu-ra
Til lukke med dagen, me gler oss no
hei fara, me gler oss no
Det står'kje på rommet. La helsa bli god
Hei fara. Faltu-riltu-raltu-ra
Sjå fleire artiklar >>