Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Nytt regelverk for eit godt skulemiljø

Det er nytt regelverk for elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø med verknad frå 01.08.17.

Endringane i regelverket vil få føringar for skulen sitt arbeide med å førebyggje, avdekke og stanse brot på eleven sin rett.

For eitt år sidan blei det innført nye reglar som gjeld elevane sitt skulemiljø.

I regelverket er det stilt tydelege krav til skulane om å informere elevane og foreldra om rettane i kapittel 9A.

Skulane skal også informere om aktivitetsplikta, og om at saka kan meldast til Fylkesmannen.  

I fjor laga Fylkesmannen ein kort informasjonsvideo. Denne kan nyttast også dette skuleåret.

Link til informasjonsvideo finn de her: https://www.youtube.com/watch?v=9ewPaNLozV8  

Fylkesmannen si nettside er også oppdatert, slik at det skal vere enkelt å finne informasjon og kontaktopplysningar: https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Prosjekt/Trygt-og-godt-skolemiljo/