Referat frå møte i kommunalt fau 6.februar
Publisert: 13.02.2012 skrive av: Tommy Haugen
Innkalling til møte i KFAU 6. februar 2012
Publisert: 30.01.2012 skrive av: Eva
Eit løft for skulen!
Publisert: 07.12.2011 skrive av: Tommy Haugen
Kommunestyret har talt. Under endeleg budsjetthandsaming i kommunestyremøtet ons.6.des, fekk skulen gjennomslag for auka ressursar.Det vart vedteke å gå inn med 2.5 stilling frå 01.01.2012, samt inn med nye 1.5 stilling frå 01.08.2012. Det vart presisert at stillingane skulle vurderast opp mot effektivitetsnettverket. I tillegg har rektorane fått inn den lovpålagde ressursen som er knytta til å administerer Sfo-tilbodet rundt på skulane, totalt 1.4 stilling.
Stort foreldremøte om nettvett!
Publisert: 07.12.2011 skrive av: Tommy Haugen
KFU inviterer til stort foreldremøte i kulturhuset onsdag 15.februar 2012 kl 19-21. Foredragshaldar er Hanne Svendsen og tema er nettvett. Målet er at me som foreldre kan auka kompetansen vår på området for slik å kunne førebygga mobbing blant elevar . http://www.reddbarna.no/vaart-arbeid/barn-i-norge/nettvett
Høgare fokus på skulen!
Publisert: 02.12.2011 skrive av: Tommy Haugen
Kommunalt fau har i dei seinare tida jobba aktivt inn mot administrasjon og kommunestyret for eit høgare fokus på ressurstilhøva i skulen vår. Me er uro for nivået Suldal kommune har lagt seg på, og ønskjer ein gjennomgang av ressursbehovet, både undervisning og administrasjon. Me har og etterlyst ein grundigare evaluering av skulen etter at ny skulestruktur vart lagd.
Meir orientering kan du lese i referatet frå 29.11, men sjå og referat frå oktober.
Sjå fleire artiklar >>