Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Om Marvik skule

Marvik skule er ein liten og stolt fådelt skule som ligg på Ropeidhalvøya i Suldal kommune. 

Visjonen vår er Næring til vekst - sterke røter og robust stamme. I det ligg det at me jamleg skal jobba for at både tilsette og elevar får god næring til å veksa. Me har ekstra fokus på robuste barn, me ønskjer å vera ein skule der elevane opplev at dei får verktøy til å meistra liva sine. Dei skal oppleva at dei står støtt i seg sjølv, og at det ikkje er så farleg om livet kjennes utfordrande og vanskeleg innimellom.

Ein fådelt skule som Marvik er ein skule med få elevar som blir undervist i aldersblanda klassar. Hos oss blir 1.-2, 3.-4. og 5.-7 undervist saman i matematikk, norsk og engelsk. I dei andre faga blir 1.-4. og 5.-7. undervist saman. 

Det er på mange måtar ein stor pedagogisk ressurs å ha aldersblanda grupper, og det er fleire professorar og forskarar som har uttalt seg om det. Aldersblanding har blant anna klare fortrinn med tanke på sosial læring. Relasjonsmønsteret i skular med aldersblanding fremjer djupare sosial samhandlinig mellom elevane enn i fulldelte skular. Det er også ein studie som seier at barn i aldersblanda grupper har større føresetnader for å tilpassa seg samfunnslivet seinare enn barn i aldershomogene grupper. Fleire meiner difor at dette er ein framtidsretta modell for læringsgrupper i skulen, dette fordi aldersblanding og færre elevar per lærar gir gode høve for å fremja aktive og sjølvstendige elevar. Me ser dette som ein stor moglegheit for oss, og gir differansiering og tilpassing stort fokus. 

På Marvik jobbar me også godt med elevmedverknad, og elevane sin stemme er tydeleg: "Me ønskjer meir undervisning i større grupper, heile skulen saman, dette gir motivasjon". 

Difor har me ofte tverrfaglege tema og prosjekt saman på tvers av dei samanslåtte klassane, og til og med heile skulen i lag. Dei eldste får rettleia dei mindre, og dei minste ser opp og strekk seg etter dei som er større.