Meny
Velg seksjon Framside
Besøksadresse Dronning Mauds gate 3 4345 Bryne Telefon: Sentralbord 51776390 Faks: Fellesmob. SFO 954 94 110 Send e-post til oss
Postadresse Postboks 134 4349 Bryne
Redaktør: Geir Soma, tlf. (+47) 97581636
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ta med familie og venner til Bryne, søndag 22.september. Oppmøte i god tid før kl.12.00. Marsjen er 2 km og passar for alle. 

Då er skuledagen godt i gang for elevane våre. Eg håpar både barn og foreldre har opplevd skulestarten som god og trygg for barna.
Eit trygt og godt skulemiljø er avgjerande for læring, og består av mange små tiltak.

Eit av desse har med trafikkavvikling å gjera. Det er no etablert ei såkalla "Hjertesone" rundt Rosseland skule. Ei slik sone har to hovudformål:

1. Eit helsemessig perspektiv - barn bør gå eller sykla til skulen, og ikkje bli køyrd. Om foreldre ønskjer å følgja barna til skulen, gjer det til fots!
2. Eit trafikkmessig perspektiv - det skal vera minst mogleg biltrafikk rundt skulen.

For å unngå farleg biltrafikk nær skulen, er det etablert ei "dropsone" ved Tennishallen. Om de likevel vel å køyra; kan de køyra inn, stoppa, setja av barnet og køyra ut igjen. Barna må då gå på fortauet opp mot skulen

Les meir her:Trygg trafikk



Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet.  Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette. 

I Time er utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt skole som gjeld frå  august 2024. Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke: 

Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  
Samtykke til å vera med på bilete tatt av skulefotograf 
Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august.  


Endeleg er ferien snart over og skulen startar opp igjen!

Me gler oss til å ta fatt på eit nytt skuleår, og ønskjer alle elevane velkomne tilbake torsdag 15.august!

2.-7.trinn møter kl. 08.15 på plassen utanfor gymsalen.

Dei nye 1.klassingane byrjar kl. 09.00, og møter opp på same stad.

Det blir vanleg lengd på skuledagen så alle må ha med mat og noko å drikka. Me håpar sjølvsagt på godt sommarvêr, men uansett må elevane ha klede som er tilpassa det vêret me får.

Me minnar og om at SFO er stengt måndag 12. og tysdag 13.august, då personalet har planleggingsdagar.