topLogoSpacer
 

Rosseland Skule

1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  

Fat og kanner etter 17. mai
Publisert: 23.05.2013 skrive av: Ruth Linda Rasmussen

Skulefotografering våren 2013
Publisert: 06.05.2013 skrive av: Rektor

Me har mange flotte ungar og tilsette på Rosseland skule, og heile "Rosselandsfamilien" tel no over 500 personar! For at me skal ta godt vare på kvarandre, er det viktig at me kjenner kvarandre. For å kjenna kvarandre, er det viktig at me kjenner namnet og ansiktet til kvarandre. Difor er det på tide å laga eit oppdatert "familiealbum"  - eller ein skulekatalog.

I samarbeid med FAU, har skulen bestemt å gje ut ein skulekatalog kvart år - og me gjer oss nå klar til den andre skulekatalogen vår. Ariel foto er vald som ansvarleg for fotograferinga, som kjem til å gå føre seg i veke 23, 3.-6. juni 2013

Katalogen skal gjelda for neste skuleår, og vil vera ferdig i løpet av september 2013. Dette fordi me må ta bilete av neste års 1.klassingar når me startar opp i august.

 

Nye inspektørar er tilsett
Publisert: 03.05.2013 skrive av: Rektor

Inspektøren vår, Kristin Vikan Erland, har søkt om permisjon neste skuleår. For å erstatta henne har me tilsett to nye inspektørar. Dei vil ha ein kombinasjon av administrasjon og undervisning.

Heidi Barvik er tilsett som inspektør med hovudansvar for 1.-4.trinn, medan Siri Svanøe Endresen er tilsett som inspektør med hovudansvar for           5.-7.trinn.

Me ber alle om å ta vel imot dei!

Søknad om elevpermisjonar.
Publisert: 08.04.2013 skrive av: Rektor

Me får inn mange søknader om permisjon for elevar i samband med ferieturar, familiehendingar o.l. For at alle desse skal få ei god og lik behandling, har Time kommune laga eit standard søknadsskjema for dette.
Kontaktlærar kan gi fri inntil 2 dagar med søknad i meldebok. Søknad om permisjon utover 2 dagar må sendast rektor.

Her finn du meir informasjon og søknadsskjema:

http://www.time.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=14457&AId=3103

Sjå i høgremargen under elevpermisjonar

God påske!
Publisert: 26.03.2013 skrive av: Rektor

Skulen ønskjer alle elevar, foreldre og tilsette ein riktig god påske! Godveret ser ut til å halda fram, og alt ligg til rette for flotte dagar for oss alle.

SFO held ope i dag, tysdag 26.mars, men er stengd i morgon. SFO opnar igjen tysdag 2.april.

NB! 6.trinn reiser til Gullingen på leirskule tysdag 2.april. Me ønskjer dei god tur, og håpar at dei får ei flott oppleving!

Skulen tek til igjen onsdag 3.april for alle andre trinn - til vanleg tid,       kl. 08.15

 

Sjå fleire artiklar >>

 
 
.