Meny
Velg seksjon Framside
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn
Hågenholen 1 4346 Bryne
Telefon: 51778343 Send e-post til oss
Redaktør: Ingveig Nærland Ødegård
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2024><<
september 2024
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Velkommen til Hognestad skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, SFO, skulehelsetenesta, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

17:30 – 18:00 1.-4.trinn i klasserom
18:05 – 18:55 Felles i Klubbhuset
19:00 – 19:30 5.-7.trinn i klasserom 

 

Program i klasseromma:
- Oppstarten/Korleis vil me ha det
- Sosialt før jul
- Anna

Program i klubbhuset:
- §12-2 i opplæringslova, Olweus og LLE
- Trafikksikker skuleveg
- "Gje oss spelereglar" - arbeid med språkbruk
- Informasjon

Me ser fram til eit kjekt møte!
Helsing alle tilsette ved Hognestad skule

 


I dag opna me ny sklie på Hognestad skule. Det var stor stas! Takk til Elevrådet og FAU som har betalt for sklia og til kommunen for montering og sikring. 

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov.  
I Time er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt Skole som gjeld frå 15. august 2024.

Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke: 

1.Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  

2.Samtykke til å vera med på bilete teke av skulefotograf 

3.Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter 20. august.

Dette skuleåret får vi besøk av skulefotograf i starten av september. De vil få meir informasjon om dette etter kvart.

Det blir teke bilete av kvar elev, klassebilete og det blir laga skulekatalog der alle elevane er med.

Hognestad skule ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg.

De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.  


 "Visma Flyt Skole" er vårt skuleadministrasjonsprogram. Løysinga digitaliserar fleire prosessar som er knytte til lærarane og elevane sin skulekvardag. 

De som føresette må laste ned appen Min skole foresatt. I appen kan de senda meldingar, melda om fråver, sjå vurderingar, ha kontakt med SFO.

I Foresattportalen som de finn lenke til på heimesida til skulen kan de logge dykk inn og søke om permisjonar og søke/endringar SFO.

Viser til Informasjonsvideoen. (til informasjon så har vi ikkje timeplan i appen eller søknadar om skulebyte og skuleskyss som vist)

De finn informasjonshefter under Meny (venstre side) her på heimesida og under Ting ein ofte lurer på og Visma flyt skole


Det er no opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2024/2025

Skolelyst, mjølkebestilling her

Skolefrukt, bestilling her


Det finnes eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar som gir tilbod og støtte til kultur og fritidsaktivitetar.

Sjekk Time kommune si heimeside for meir informasjon. 

Fritid, aktivitetstilbod og støtteordningar - Hovedportal (time.kommune.no)


Time kulturskule har søknadsfrist 1 mai for kulturskuleplass til hausten.

link til heimesida: https://www.timekulturskule.no