Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Koding

Koding er eit nytt fag som truleg snart vert ein del av den norske skulekvardagen. Me er så heldige at me har fått «tjuvstarta» litt med koding på Rosseland.

Fire av lærarane ved Rosseland tek dette året vidareutdanning innan fagområdet koding. Dei tek studiet deltid ved høgskulen på Stord. Som ein del av studiet, praktiserer dei den nye kunnskapen blant elevane våre. I dag har  klasse 2c fått vera med på å utforska det nye fagområdet. Dei små er motiverte og forstår raskt kva koding går ut på.  

Kort fortalt handler koding om å programmera ein robot. Dette er kunnskap som mange av dei håpefulle små ganske sikkert vil få bruk for i framtida. Stavanger Aftenblad hadde ein artikkel om koding på trykk i avisa i går, tysdag den 17.oktober. Her peiker dei på at fleire land i verda allereie har koding som ein del av pensum i grunnskulen. Det står m.a at det er på høg tid at dette vert ein del av den norske skulen sitt pensum. Det er viktig at elevane våre heng med i den digitale utviklinga. 

I klasse 2c fekk elevane i den fyrste timen med koding prøva seg som robotar sjølv. Lærar Maria programerte «robotane» til å gå rett fram, mot høgre og mot venstre. Etterpå laga elevane ein kode på papir som viste korleis ein robot (lego-mann) måtte bevega seg for å gå til ei skattekiste. Vidare skal dei laga koder på iPad. Dette er spennande! På Showbie har elevane fått tilgang til eit kode-spel som dei kan øva på fram til neste gong.

 

Main Image
Bilete 1 av 10