I mars skal elevane på 1.-3.trinn ha kartleggingsprøver
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet:
Formålet med karteggingsprøvene
Formålet med kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn er å finne elevar som treng ekstra oppfølging. Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet.Kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn gir ikkje informasjon om alle elevane. Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er rundt eller under ei definert bekymringsgrense. Elevar som har alt rett eller nesten alt rett, er ikkje nødvendigvis spesielt flinke elevar. Derimot treng elevane som hamnar under bekymringsgrensa, ekstra tilrettelegging.
Elevene skal ikke øve til kartleggingsprøvene
Skolen mister muligheten til å finne elevene som trenger ekstra hjelp, hvis dere legger opp til at elevene skal øve på kartleggingsprøvene. De samme kartleggingsprøvene gjennomføres flere år på rad. Derfor er det viktig at dere ikke bruker tidligere kartleggingsprøver til å forberede elevene, men eksemplene på prøver og oppgavetyper som vi henviser til under.
Oversikt over kartleggingsprøver
Obligatoriske kartleggingsprøver:
Lesing på 1., 2. og 3. trinn, Rekning på 2. trinn
Frivillige kartleggingsprøver:
Rekning på 1. og 3. trinn, Engelsk på 3. trinn
Kva slags oppgåver får elevane?
Eksempel:
Rekning: telje, sortere tal etter storleik, fullføre talrekkjer og rekne med pluss og minus
Lesing: skrive bokstavar, lese ord og lese setningar
Engelsk: kjenne att og forstå kjende og daglegdagse ord og uttrykk, munnleg eller skriftleg