Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Prosess på veg mot mobilfrie klasserom

Regjeringa har kome med ei nasjonal tilråding om mobilfrie klasserom på alle nivå. Dette fører til at det må gjennomførast ein prosess på alle skulane for å gjera endringar i ordensreglementet

Orientering og innspel på både kommunale og lokale reglar for mobilfri skule 
Elevrådet innan 22.03
Tilsette 20.2 (PU-tid) og 04.03.24 (SFO-møte) 
FAU har møte 07.03.24, og gir innspel på vegne av foreldra
Utdanningsforbundet og andre aktuelle arbeidstakar-organisasjonar gir innspel på vegne av dei tilsette

2.Innspel frå alle partar må vera sendt til rektor innan 22.03.24. Rektor samlar innspela og gjev tilbakemelding til oppvekst innan 26.mars på dei kommunale ordensreglane. 
3. Endra kommunalt ordensreglement vert sendt ut på høyring 29.mars med frist for innspel 19.april 2024. Høyringsinstansar er SU, elevråd, UDF, Fagforbundet. 
4. Dei lokale ordensreglane for Rosseland skule skule blir fastsett i SU 18.04.24 på bakgrunn av dei kommunale.

Oppvekstavdelinga sender ut endeleg forslag til høyring  29.mars,

SU får orientering før møtet 18.04, der lokale forskrifter skal fastsetjast.

Til informasjon så gjeld desse reglane på Rosseland skule i dag:  
Bruk av mobil og smarte klokker: 
- Mobil og mobilklokker: Mobilen kan vera med på skulen, men han skal liggja avslått i sekken til skule/SFO-dagen er over. 
- Mobilklokker/smarte klokker: Skulen anbefaler at desse ligg avslått i sekken gjennom skule/SFO-dagen. 
Sanksjonar: 
- Mobilbruk/smarte klokker: Om eleven har framme mobilen eller bruker mobilen på skulen, blir han inndradd for resten av skuledagen. Eleven kan henta han ut når skuledagen/SFO-dagen er over. 
- Om eleven brukar mobildelen av klokka, blir ho inndradd for resten av skuledagen. Eleven kan henta ho ut når skuledagen/SFO-dagen er over. 
- Ved gjentatt brot på regel, blir mobilen/mobilklokka inndradd, og foreldra må koma og henta denne. 
Ansvar:
- Rosseland skule har, jfr overordna ordensreglar for grunnskulen i Time kommune, ikkje erstatningsansvar for mobilar/smarte klokker som ligg i sekken til eleven.