Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Overraskande besøk til Gledespatruljen

I dag kom det overraskande besøk til oss på Rosseland skule. Då heile gjengen var samla i aulaen til «Syng med oss», dukka plutseleg Arild Sie frå Østerhus opp på scenen. Han hadde med seg ein stor gavesjekk til Gledespatruljen.
Unni Einarsen mottok sjekken. Ho blei glad og rørt til tårer. Unni og resten av Gledespatruljen vil i juni gå ut på ein ny runde for å spre glede i nabolaget vårt. Arild Sie ga alle elevane ved skulen ei aldri så lita lekse; nemleg å sei «hei» til nokon og gi dei eit smil i påska. God påske!
Main Image
Bilete 1 av 3